- 1/1
Frå DKS-produksjonen UTSYN | innsyn Einy Åm Sparks
| Målgruppe | Varigheit | Antal utøvarar | Maks elevar per arrangement |
|---|---|---|---|
| 5.–7. trinn | 80 minutt | 2 | 20 |
Omtale
UTSYN | innsyn – ein kreativ verkstad som tek utgangspunkt i dei to dansefilmane UTSYN og UTSYN | samsyn av Einy Åm Sparks og i diktet DAGANE av Hilde Myklebust. Verkstaden gir elevane eit innsyn i samanhengen mellom språk, rørsle og rom. Deltakarane får bevege seg sjølvstendig og saman med andre, arbeide med dikt og observere dans både i rommet og på film. Til slutt får dei også lage sin eigen film i fellesskap, leidd av formidlarane.
Det finst mange måtar å uttrykkje seg på gjennom ord og rørsle. I denne produksjonen skapar vi eit rom der elevane får ein sjanse til å bli meir bevisste på dans og språk gjennom ei kreativ fysisk utforsking av ord, eigne rørsler og observasjon av dansefilm.
Utgangspunktet for prosjektet er dansefilmane UTSYN og UTSYN | samsyn, skapte av koreograf og dansekunstnar Einy Åm Sparks i samarbeid med Nynorsk kultursentrum. Dei to filmane er inspirerte av arkitekturen til Sverre Fehn i Aasentunet, som tek utgangspunkt i Ivar Aasens liv og verksemd. Gjennom ei veksling av dans og daglegdagse rørsler utforskar dansarane ulike krokar og rom både inne i og utanfor bygget, og ved hjelp av ulike kameravinklar viser filmane bygget frå nye perspektiv. Dette dannar bakteppet for tema som korleis skriftspråket kan vere med på å opne for nye univers av kreativitet og kunnskap, og det å stå saman i fellesskap med alle våre ulikskapar og ulike perspektiv.
I løpet av verkstaden vil elevane vil bli utfordra til å ta eigne val, samarbeide og finne kreative løysingar. Gjennom ulike oppgåver endar vi til slutt opp med å reflektere den individuelle kreativiteten og kvarandre i ein felles dans. Dansen blir filma av ein av utøvarane og overført til projektoren, og vi avsluttar verkstaden med ei visning av dansefilmen som vi no har skapt i fellesskap.
Nyttig informasjon
Varigheit
80 minutt
Tid opprigg
15 minutt
Tid nedrigg
15 minutt
Arena/rom
Gymsal, auditorium, aula
Antal utøvarar
2
Treng scene
Nei
Treng blending
Nei
Treng el-uttak
Ja
Ynskjer til lokal arena
Eit romsleg rom utan for mange møblar. Lerret og projektor.
For- og etterarbeid
Nei
Spørsmål og tinging
Ta kontakt med post@nynorsk.no om du har spørsmål eller vil tinge ei framsyning.
Utøvarar og produsentar
Utøvarar
Annette Brandanger (f. 1978) er ein Oslo-basert dansekunstnar, utdanna i London, og arbeider både utøvande, koreografisk og undervisande. Ho har samarbeidd med m.a. Nasjonalmuseet Oslo og Kunstbanken/Hamar, og underviser dans for ulike målgrupper.
Einy Åm Sparks (f. 1978) er film- og dansekunstnar med base i Volda og driv føretaket EyeKnee Coordination. Med utdanning frå London og med mange års erfaring frå New York har ho skapt fleire danseframsyningar og filmarbeid som har vore viste både nasjonalt og internasjonalt.
Produsent
Om Nynorsk kultursentrum: Stiftinga Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur er eit av dei konsoliderte musea i Vestland og driv Haugesenteret i Ulvik i tillegg til Aasentunet i Ørsta og Vinjesenteret i Telemark.
Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt og driv tre festivalar; Poesifestivalen i Ulvik, Festspela i Ørsta og Volda og Litteraturdagane i Vinje. Nynorsk kultursentrum samarbeider også med bibliotek i heile landet, og er til stades i opp til 100 kommunar kvart år med arrangement og utstillingar.
Nynorsk kultursentrum er med på å sikre at det er godt mangfald av nynorskartiklar i Store norske leksikon. Vi driv nettstadene Nynorsk.no og Lurivar.no, og har i samarbeid med andre aktørar vore med på å utvikle Lesedigg.no. Nynorsk kultursentrum har levert produksjonar til Den kulturelle skulesekken sidan 2004.
- 1/1
Frå DKS-produksjonen UTSYN | innsyn Einy Åm Sparks