Arbeidsstad: Aasentunet
Tittel: Vertskapsansvarleg
Søknadsfrist: 25. november 2026
Oppstart: 4. januar 2027 eller etter avtale
Stillingstype: vikar (100 %)
Arbeidsoppgåver
På grunn av permisjonar og fleire store prosjekt, treng vi fleire tilsette i ein periode.
Vertskapsansvarleg i Aasentunet er den første publikum møter på museet. Du organiserer kafé- og butikktilbodet, gruppebesøk og aktivitetar i museet. I samband med Dei nynorske festspela har du ansvar for frivillige, kafétilbodet og enkelte eksterne samarbeid. Du vil også ha ansvar for marknadsføring ved å oppdatere sosiale medium med arrangement, hendingar og tilbod i butikken og kafeen.
Vertskapsansvarleg betener resepsjon, sentralbord, butikk og kafé i opningstidene i vekedagane. Det er høgt tempo i enkelte periodar, til dømes under Festspela. Du må kunne jobbe sjølvstendig, samarbeide godt med andre og sjonglere fleire oppgåver samtidig.
Krav og kvalifikasjonar
Vi søkjer deg med fagbrev i sal, reiseliv eller innan tilsvarande fagområde og kompetanse. Erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for formell kompetanse. Det er ein fordel om du har erfaring med kassasystem, oppgjer, varebestilling og lagerteljing.
Den som blir tilsett må rekne med nokre reiser i tillegg til noko helge- og kveldsarbeid. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon.
Vi tilbyr
Vikariatet er ledig frå 1. januar 2027. Kontorstad er i resepsjonen i Aasentunet i Ørsta.
Museumsleiar er nærmaste overordna i eit triveleg og tett arbeidsmiljø. Vi tilbyr ein idémyldrande bedriftskultur og engasjerte kollegaer, ein ryddig organisasjon, ei romsleg fleksitidsordning, medlemskap i Statens pensjonskasse som inkluderer avtalefesta pensjon, og gruppelivsforsikring. Løn i samsvar med det lokale lønssystemet vårt. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke.
Om søknaden
Søknadsfristen er 25. november 2026
Du søkjer ved å fylle ut dette skjemaet.
Merk at du må laste opp sjølve søknadsteksten og CV (inkludert referansar) som vedlegg.
Kontakt
Ta kontakt med museumsleiar Tone Slenes, tlf. 91 51 88 22 for å få meir informasjon om stillinga.
Om Aasentunet
Aasentunet er eit av få språkmuseum i Norden. Her kan barn og vaksne oppleve språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk. Aasentunet er ei avdeling i Nynorsk kultursentrum.
Stiftinga Nynorsk kultursentrum, musea for nynorsk skriftkultur, forvaltar, formidlar og forskar på nynorsk språk og litteratur. Dette skjer både digitalt, og i form av arrangement og utstillingar i heile landet og ved dei tre musea våre: Vinjesenteret i Vinje, Haugesenteret i Ulvik og Aasentunet i Ørsta.
Les meir:Offentleglova og personopplysningar
Nynorsk kultursentrum følgjer offentleglova og utarbeider offentlege søkarlister. Om du ikkje vil stå på denne må du søke om og grunngi det i søknaden. Om administrasjonen meiner det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed om det og tilbod om å trekkje søknaden. Dei offentlege søkjarlistene inneheld namn, bustadkommune, fødselsår og noverande stillingstittel.
Alle personopplysningar blir handsama i tråd med personvernforordninga, på grunnlag av artikkel 6 nr. 1 bokstav b.
Alle har rett til generell informasjon om korleis Nynorsk kultursentrum behandlar personopplysningar. Alle personar vi har registrert personopplysningar om, har rett på innsyn i det som er registrert om dei. Om desse opplysningane er feil, kan du krevje at dei blir retta eller sletta.