Vil bruke koronastøtte på innhald og gjester

Lurivar og det hemmelege skrinet. Foto: Humberset FOTO

Kulturminister Abid Q. Raja offentleggjorde i dag at Nynorsk kultursentrum får 605 000 kr i koronastøtte. Stiftinga kjem til å nytte det auka økonomiske handlingsrommet til å gjere meir nynorsk innhald tilgjengeleg digitalt og fysisk for gjester og brukarar.

– Det er positivt at Kulturdepartementet kompenserer for tapte eigeninntekter. Det gjer det enklare for Nynorsk kultursentrum å nå føremålet vårt som er å fremje nynorsk skriftkultur, seier styreleiar Lodve Solholm. Han har von om at regjeringspartia Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti får med seg stortingsfleirtalet på dette framlegget.

1 474 000 kr lågare eigeninntekter i 2020 enn 2019
Med prognosen som er gjort opp etter det Nynorsk kultursentrum veit om rekneskapen januar–september, ser ein stor nedgang i som Billettinntektene ser ut til å verte 433 000 kr (-707 000) og kafé- og butikkinntekter 952 000 kr (-767 000), gitt at julesalet tek seg opp som vanleg.

– Stiftinga har etablerte og gode rutinar for økonomistyring. Derfor har vi spart der vi kunne så langt i år. Med dette tilskotet har vi høve til å førebu oss betre for framtida, både med nytt innhald og betre publikumstilbod.

Nynorsk kultursentrum legg opp til trygg julehandel i Ulvik og Ørsta. – Vi og andre treng at folk handlar lokalt, seier direktøren. Reglane med eitt sete mellom faste stolar i amfi gjer det enklare for oss å drive frå midt i oktober. Samstundes gjer reglane om avstand planlegginga av festivalar og sommarsesong framleis langt vanskelegare enn vanleg.

Meir pengar til nynorsk innhald, og betre tilbod for gjestene
Tilskottet vi no får gjer det mogeleg å få produsert meir innhald, både digitalt og i arrangement, for gjestene våre i heile landet, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark. – Det er viktig at vi tek samfunnsansvar og held liv i økonomien for både sakprosaforfattarar, diktarar, musikarar og andre som lever av å formidle innhald på nynorsk, legg han til.

Tilskotet kan også betre tilbodet til gjestene på anna vis. Det kan gjere det mogleg å byggjeom kafé- og butikkområdet i Aasen-tunet. Her er det vanskeleg med kødanning under sommarsesong og festivalar, og lite fleksibelt for å få plass til fleire no når ein skal halde god avstand til andre. – I samråd med arkitektkontoret Hille Strandskogen har vi ei løysing som kan gjere dette området betre fungerande frå 2021, seier Sandsmark.

Seinsommaren 2021 opnar også Nynorsk kultursentrum dørene til det nye Vinje-senteret. Der skal dei presentere korleis både fakta og fantasi pregar diktinga og journalistikken i Noreg. 

 

Meir informasjon
Direktør Per Magnus F. Sandsmark, tlf. 90 81 21 96
Styreleiar Lodve Solholm, tlf. 41 51 55 24

Publikumsundersøking 2020

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Nynorsk_kultursentrum berre ikon_cmyk

Tilbakemeldinga di gjer oss betre