Hopp til hovudinnhald

Viljen til språk

Utstillinga «Viljen til språk» med undertittelen «Mange røyster — felles mål» blei laga til Noregs Mållag sitt hundreårsjubileum i 2006.

  • Plansje med to eldre portrett og teksten: Framtid, Fremtid, Eftertid
    Frå utstillinga

Undertittelen er mottoet for mållagsjubileet, hovudtittelen er henta frå oversynsverket over nynorsk kulturhistorie som Ottar Grepstad gav ut i høve jubileumsåret. Utstillinga viser korleis nynorskbrukarane blei synlege og nynorsken blei teken i bruk i det hundreåret Noregs Mållag har vore i arbeid.

Utstillinga blei opna 29. januar 2006 i Aasen-tunet og 4. februar i Oslo, og er ei vandreutstilling som i 2006 blei vist i fleire kommunar i heile landet.

Pris: Utstillinga er gratis å låne. Lånar må betale frakt på retur.

Storleik (ferdig montert): Utstillinga inneheld plansjar i storleik 50 x 50 cm (12 stk) og tittelbanner 70 x 200 cm (2 stk)

Kontakt: For å tinge utstillinga, send ein e-post til: post@nynorsk.no

Produsert av
Kurator:
Eirik Helleve, Kirsti Langstøyl, Svein Arne Myhren, Ottar Grepstad
Samarbeidspartnarar: Aina Griffin (formgiving), Colormaster (produksjon)

Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2