Arrangement Vinjesenteret

Oversikt over arrangement i regi av Vinjesenteret, inkludert arrangement i samband med Litteraturdagane. Sjå Opningstider og prisar for informasjon om billettar til utstillinga.

LITTERATURDAGANE
25. august–28. august

Ingen arrangement

25.-28. august

FESTIVALPASS

Få med deg det meste som skjer under årets Litteraturadagane med festivalpasset!

Les meir om arrangementet

25. august
kl. 19.00
VINJESENTERET

TORSDAGSPROGRAMMET GJELD BERRE FOR DEI MED FESTIVALPASS

 

25. august
kl. 19.00-21.30
VINJESENTERET

FUGLANE PÅ SPANSK

Det kan vera vanskeleg å gjera film av Tarjei Vesaas sin poetiske prosa. Han skriv om det som føregår mellom menneska, mellom orda som blir sagt, det som er indirekte og ligg mellom linene. Dette kan vera vanskeleg å attskape i film. Den polske regissøren Withold Leszczynski ser likevel ut til å ha greidd dette. Filmen er både vakker og vemodig, og til tider forsonande humoristisk. Forfattaren sjølv skal ha sagt i eit intervju at «Eg har sett han tre gonger … og er svært nøgd».

Les meir om arrangementet

25. august
kl. 19.00-21.30
VINJESENTERET

FUGLANE PÅ FILM

Det kan vera vanskeleg å gjera film av Tarjei Vesaas sin poetiske prosa. Han skriv om det som føregår mellom menneska, mellom orda som blir sagt, det som er indirekte og ligg mellom linene. Dette kan vera vanskeleg å attskape i film. Den polske regissøren Withold Leszczynski ser likevel ut til å ha greidd dette. Filmen er både vakker og vemodig, og til tider forsonande humoristisk. Forfattaren sjølv skal ha sagt i eit intervju at «Eg har sett han tre gonger … og er svært nøgd».

Les meir om arrangementet

26. august
kl. 12.15
VINJAR

VESAASFOREDRAGET

Jørgen Magnus Sejersted, professor i litteratur ved Universitetet i Bergen, ser på Vesaas sin forfattarskap i sin heilskap og korleis forfattarskapen søker å halde politikk og ideologi ute, samstundes som slike element siv inn i litteraturen til Vesaas.  

Les meir om arrangementet

 

26. august
kl. 13.10
VINJAR

Å SKRIVE MED VESAAS

I samband med 125-års jubileet for Tarjei Vesaas gjev Gyldendal ut ein antologi, der utvalde forfattarar har skrive ein tekst om Vesaas. To av bidragsytarane, Morten Langeland og Hanne Ørstavik, kjem til Litteraturdagane.   

Les meir om arrangementet

 

26. august
kl. 14.15
VINJAR

Samtale og lesing med Frode Grytten

GUT, JENTE, JUNI, JULI

Me får høyre Frode Grytten lese frå novellesamlinga Gut, jente, juni, juli, og samtale om den saman med Petra Helgesen, arenaleiaren på Vinjesenteret.   

Les meir om arrangementet

 

26. august
kl. 15.15
VINJAR

Samtale og lesing med Kjersti Rorgemoen

EIT PRAKTISK MENNESKE

I 2020 kom Kjersti Rorgemoen med Eit praktisk menneske, ein roman om å ikkje gro att i eit landskap perfekt for konservering. Eivind Myklebust kjem for å intervjue Kjersti om boka hennar.

Les meir om arrangementet

 

26. august
kl. 18.30
VINJAR

TARJEI VESAAS I LYD, SKRIFT OG BILETE

Her blir det lydpremiere på Hesten frå hogget. Øystein Vesaas, barnebarnet til Tarjei og Halldis, har sett lyd til novella, som forfattaren sjølv les. Det blir også høgtlesing av dikt og andre tekstar av Tarjei, lese av Hildegunn Riise og Astrid Versto. I tillegg blir det vising av kortfilmen Det rare av René Bjerke etter novella til Tarjei.

Les meir om arrangementet

 

26. august
kl. 21.00
VINJAR

FRODE GRYTTEN BEAT BAND

Frode Grytten Beat Band er blitt omtala som ein poetisk og musikalsk eksplosjon på scena. Bandet kjem til festivalen med Annlaug Børsheim, Pedro Carmona-Alvarez, Kim Guldbrandsen og frontfigur Frode Grytten. 

Les meir om arrangementet

 

27. august
kl. 11.00
VINJAR

TARJEI VESAAS' DEBUTANTPRIS

Debutantprisen gjekk i 2021 til Kristin Vego. Ho debuterte i 2021 med novellesamlinga Se en siste gang på alt vakkert. Debutboka hennar handlar om kvinner som alle står ovanfor noko ukjent. Vego møter Stein Versto til samtale under Litteraturdagane.

Les meir om arrangementet

 

27. august
kl. 12.30
VINJAR

HØGTLESING AV VESAAS-TEKSTAR

Olav Vesaas les novella Vesle-Trask av faren Tarjei Vesaas. Etter Olav Vesaas si meining er dette ei av dei beste novellene til far hans. Hildegunn Riise les utdrag frå Is-slottet, samt nokre dikt.

Les meir om arrangementet

 

27. august
kl. 13.30
VINJAR

VESAAS I VERDA – UTGJEVINGAR I DANMARK OG TYSKLAND

Samtale med Hinrich Schmidt-Henkel og Sebastian Guggolz frå Tyskland, og Arild Batzer frå Skien, leia av redaktør i Gyldendal, Bjarne Buset. Samtala vil føregå på norsk og dreie seg om utfordringar og erfaringar med å gje ut Vesaas i Tyskland og Danmark. 

Les meir om arrangementet

 

27. august
kl. 14.15
VINJAR

VESAAS I VERDA – KUNSTEN Å KJENNE ATT EIN KLASSIKAR. FUGLANE FØR KNAUSGAARD

Narve Fulsås, historikar og professor i moderne historie ved Universitet i Tromsø, vil snakke om publiseringshistoria til Tarjei Vesaas, særleg om Fuglane og kor vanskeleg det var å få den ut i verda.  

Les meir om arrangementet

 

27. august
kl. 14.45
VINJAR

LEVANDE FORTID. SAMTALE MED VICTORIA KIELLAND OG TORE KVÆVEN

Kjersti Rorgemoen samtalar med Victoria Kielland og Tore Kvæven om nyskaping i den historiske romanen. 

Les meir om arrangementet

 

27. august
kl. 18.30
EDLAND

UTDELING AV STOREGUTPRISEN

 

27. august
kl. 19.45
EDLAND

STORE SPEL. EI FORTELJING OM A.O. VINJE OG TARJEI VESAAS

Arne Vinje drøftar korleis fjellbygda Vinje kunne fostre ein av dei fremste norske forfattarane i det førre hundreåret, og korleis ein åndeleg gigant som A.O. Vinje kunne vekse fram i same område i hundreåret før dette igjen. 

Les meir om arrangementet

 

27. august
kl. 20.15
EDLAND

TARJEI I TONAR. MED AASMUND NORDSTOGA, STEIN VERSTO OG SONGARAR FRÅ VINJE

I samband med Tarjei Vesaas sitt 100 års-jubileum skreiv Lystrup songar med utgangspunkt i Tarjei Vesaas sine dikt, som han fekk arrangert for kor. Dette gjorde han i nært samarbeid med Vinje songlag. Programmet Tarjei i tonar er bygd rundt fleire av desse korarrangementa, men publikum vil også høyre nokre døme frå visepop-plata “Løynde eldars land”, som kom ut same år.

Les meir om arrangementet

 

28. august
kl. 11.00
VINJE KYRKJE

FESTIVALGUDSTENESTA

Erik Hillestad kjem.  Godt kjend som songtekstforfattar for ei mengd artistar; Sondre Bratland, Sigvart Dagsland, Carola, SKRUK, Karoline Krüger og Anita Skorgan for å nemne nokre. Internasjonalt har han særleg samarbeidd med artistar frå Midt-Austen. 

Les meir om arrangementet

 

28. august
kl. 13.00
VINJAR

SKEIVT KULTURÅR 2022. Å LESA LITTERATUR MED SKEIVE BRILLER: EKSEMPELET VESAAS

Per Esben Myren-Svelstad, fyrsteamanuensis i norsk ved NTNU i Trondheim, vil han snakke om korleis kjønn, kjærleik og drifter har vorte forstått på ulike måtar, og korleis dette kan kaste nytt ljos over tekstane til Tarjei Vesaas.

Les meir om arrangementet

 

28. august
kl. 13.45
VINJAR

PER ANDERS BUEN GARNÅS

Per Anders Buen Garnås frå Bø i Telemark er fire gongar noregsmeister på hardingfele, har med åra tileigna seg godt over 500 slåttar. Me er glade for at Buen Garnås ynskjer å avslutte den litterære helga med sitt flotte spel! 

Les meir om arrangementet

 

26. august
kl. 12.30
VINJESENTERET

PØLSETJUVEN

Marianne Gretteberg Engedal er illustratør og barnebokforfattar frå Hallingdal. Pølsetjuven er den fyrste boka hennar, og med den vann ho både Kulturdepartementet sin bildebokpris og Nynorsk barnelitteraturpris i 2019. Boka handlar om ni år gamle Kjell, som er fødd inn i ein tjuvefamilie, men Kjell vil ikkje vera tjuv slik som dei andre i familien. Pølsetjuven handlar om å finne ut kven ein eigentleg er, og om å tore å leve slik ein ynskjer.

Les meir om arrangementet