Fredag: dagsprogram

26.august, kl. 11.00-16.00, Vinjar

Lunsj

Vesaasforedraget
Jørgen Magnus Sejersted (f. 1967) er professor i litteratur ved Universitetet i Bergen. Han har publisert artiklar innanfor nordisk litteratur og seier sjølv han er ein litteraturfagleg generalist, men forskingsinteressa hans er primært knytt til eldre litteratur. I foredraget sitt ser han på Vesaas sin forfattarskap i sin heilskap og korleis forfattarskapen søker å halde politikk og ideologi ute, samstundes som slike element siv inn i litteraturen til Vesaas.  

Å skrive med Vesaas
I samband med 125-års jubileet for Tarjei Vesaas gjev Gyldendal ut ein antologi, der utvalde forfattarar har skrive ein tekst om Vesaas. To av bidragsytarane, Morten Langeland og Hanne Ørstavik, kjem til Litteraturdagane. Ørstavik er blant dei mest sentrale norske forfattarar i sin generasjon og har skrive ein lang rekke romanar. Langeland skriv poesi og debuterte i 2012 med samlinga Æ æ å. I antologibidraga sine har begge utforska eiga skriving i relasjon til Tarjei Vesaas sin forfattarskap. Frå scenen vil dei samtale vidare om både Vesaas og eigen skrivepraksis. 

Gut, jente, juni, juli. Samtale og lesing med Frode Grytten
Frode Grytten (f. 1960) er oppvaksen i Odda og mest kjent som forfattar og journalist. Den siste tida har han opptredd meir og meir som scenekunstnar. Gut, jente, juni, juli er ei samling av tolv sommarnoveller, der gutar og jenter, menn og kvinner, av ulike årsaker kastar seg i vatnet og legg på svøm, mellom anna i Bandak. Jannicke Totland frå Framtida.no omtala samlinga som “Den perfekte sommarboka”. Me får høyre Grytten lese frå boka og samtale om den saman med Petra Helgesen, arenaleiaren på Vinjesenteret.

Eit praktisk menneske. Samtale med Kjersti Rorgemoen
I 2020 kom Kjersti Rorgemoen (f. 1981) med Eit praktisk menneske, ein roman om å ikkje gro att i eit landskap perfekt for konservering. Eivind Myklebust kjem for å intervjue Kjersti om boka hennar. Han har tidlegare omtala boka til Rorgermoen som «Ein vittig roman om å ha noko å henge fingrane og hendene i. Om bygda som museum og levestad – og skilnaden på verneverdi og bruksverdi» i Klassekampen. Myklebust blei kåra til årets litteraturkritikar i 2020, og er utdanna litteraturvitar ved Universitetet i Oslo.  

Type:
Festival

Tid:
26. august, kl. 11.00-16.00

Stad:
Vinjar