Fredag: kveldsprogram

26. august, kl. 18.30-22.00, Vinjar

Tarjei Vesaas i lyd, skrift og bilete
Her blir det lydpremiere på Hesten frå hogget. Øystein Vesaas, barnebarnet til Tarjei og Halldis, har sett lyd til novella, som forfattaren sjølv les. Øystein Vesaas eig og driv lydstudioet Lydkjøkkenet på Jeløya i Moss. Det blir også høgtlesing av dikt og andre tekstar av Tarjei, lese av Hildegunn Riise og Astrid Versto. Riise er frå Strandebarm i Hardanger, og har jobba i mange år ved Det norske teatret. Versto er eit kjært fjes og stemme frå Vinje. I tillegg blir det vising av kortfilmen Det rare av René Bjerke etter novella til Tarjei. Skodespelerane i filmen er Odd Nordstoga, Guri Tuvin, Herborg Kråkevik og Øyvor Bakke.  

Frode Grytten Beat Band
Gjennom dei siste ti åra har Frode Grytten Beat Band lyst opp den norske beatpoesi-himmelen med nytolkingar av låtar frå artistar som Bruce Springsteen, Tom Waits, Talking Heads med fleire. Ved å kombinere poesi og litteratur med ei sjeldan musikkglede og intens formidling, treff Frode Grytten Beat Band ein heilt spesiell nerve, der musikk blir blanda med anekdotar, dikt, forteljingar og minne. Frode Grytten Beat Band er blitt omtala som ein poetisk og musikalsk eksplosjon på scena. 

Bandet kjem til festivalen med Annlaug Børsheim, Pedro Carmona-Alvarez, Kim Guldbrandsen og frontfigur Frode Grytten. 

Type:
Festival

Tid:
26. august, kl. 18.30-22.00

Stad:
Vinjar