Laurdag: dagsprogram

27. august, kl. 11.00-15.30, Vinjar

Tarjei Vesaas’ debutantpris
Debutantprisen gjekk i 2021 til Kristin Vego (f. 1991). Ho er opprinneleg dansk, med norsk mor og dansk far, men har dei siste åra budd i Oslo. Vego debuterte i 2021 med novellesamlinga Se en siste gang på alt vakkert. Debutboka hennar handlar om kvinner som alle står ovanfor noko ukjent. Novellene handlar om begjær og einsemd, om tap og tilgiving, men også det vakre som viser seg i glimt blant livets tilfelle. Ellen Sofie Lauritzen i Dagens Næringsliv skriv at samlinga har Gnistrende gode noveller… Vego skriver frem små stemningsfulle rom der det er godt å være.” Vego møter Stein Versto til samtale under Litteraturdagane.

Lunsj

Høgtlesing av Vesaas-tekstar
Olav Vesaas (f. 1935) les novella Vesle-Trask av faren Tarjei Vesaas. Etter Olav Vesaas si meining er dette ei av dei beste novellene til far hans. Hildegunn Riise les utdrag frå Is-slottet, samt nokre dikt.

Vesaas i verda – utgjevingar i Danmark og Tyskland
Samtale med Hinrich Schmidt-Henkel (f. 1959) og Sebastian Guggolz (f. 1982) frå Tyskland, og Arild Batzer (f. 1946) frå Skien Schmidt-Henkel er tysk omsetjar, medan Guggolz og Batzer er forleggjarar. Batzer er einaste tilsette og altmoglegmann i sitt eige forlag i Danmark. Han vel ut bøker med hjartet og meiner det ville vore galskap å drive eit lite forlag om siktemålet var å bli rik. Guggolz har også eit djupare mål enn økonomisk vinning. Utgjevingar som ikkje fengjer i løpet av få månadar blir rydda ut av hyllene hjå bokhandlarane, men Guggolz meiner at dette ikkje nødvendigvis seier noko om kvaliteten på bøkene. Samtalen vil gå føre seg på norsk og dreie seg om utfordringar og erfaringar med å gje ut Vesaas i Tyskland og Danmark. Samtalen vil bli leia av redaktør i Gyldendal, Bjarne Buset (f. 1953). 

Vesaas i verda – Kunsten å kjenne att ein klassikar. Fuglane før Knausgaard.
Narve Fulsås (f. 1953) er født på Dalen. Han er historikar og professor i moderne historie ved Universitet i Tromsø. Han vil snakke litt om publiseringshistoria til Tarjei Vesaas, særleg om Fuglane og kor vanskeleg det var å få den ut i verda.

Levande fortid. Samtale med Victoria Kielland og Tore Kvæven
Kjersti Rorgemoen (f. 1982) samtalar med Victoria Kielland (f. 1985) og Tore Kvæven (f. 1969) om nyskaping i den historiske romanen. Kielland har fått fleire prisar for bøkene sine, mellom anna Doblougprisen i 2022. Fleire aviser trilla terningkast seks for Mine menn. Dagbladet skreiv at boka erSlående vakker roman om norsk seriemorder, og Klassekampen meinte at romanen er “Årets mest originale true crime […]; Vilt, voldsomt og kroppslig om Amerika-fareren Belle, som dreper sine menn” . Kvæven er forfattar, lærar og bonde frå Sirdal. Han fekk Brageprisen i 2018 for romanen Når landet mørknar, som er ei fascinerande forteljing om det barske livet på Grønland i mellomalderen. Stavanger Aftenblad meinte at “Kvæven overbeviser igjen med sine kunnskaper, innsiktsfulle og sammensatte personportretter[…] skrevet fram i et friskt, melodiøst nynorsk som kler stoffet og tidsepoken godt.” 

Type:
Festival

Tid:
27. august, kl. 11.00-15.30

Stad:
Vinjar