Laurdag: kveldsprogram

27. august, kl. 18.30-21.00, Edland

Utdeling av Storegutprisen
Storegutprisen går i år til Guri Vesaas (f. 1939). Sidan ho gjekk ut av Universitetet i Oslo har ho vore tilknytt Det Norske Samlaget. Ho har vore forlagsredaktør og omsetjar, og har vore særleg oppteken av gode og fargerike leselystbøker for barn og unge. Ho har gjort ein stor innsats for bruk av – og rekruttering til – nynorsk i det offentlege rom. Storegutprisen blir ein av ei rekke prisar ho har vorte tildelt for arbeidet hennar.

Utdeling av Storegutprisen

Store spel. Ei forteljing om A.O. Vinje og Tarjei Vesaas
Arne Vinje (f. 1951) er gardbrukar, forfattar og kulturformidlar. Han har skrive bøker om kunstnarar, om Vinje kyrkje og om økofilosofi. I den siste boka si Store spel. Soga om Vesås i verda skildrar han samspelet mellom garden Vesås i Vinje, naturmiljøet og den store verda utanfor. På Litteraturdagane vil han drøfte korleis fjellbygda Vinje kunne fostre ein av dei fremste norske forfattarane i det førre hundreåret, og korleis ein åndeleg gigant som A.O. Vinje kunne vekse fram i same område i hundreåret før dette igjen. 

Tarjei i tonar. Med Aasmund Nordstoga, Stein Versto og songarar frå Vinje
Det er ikkje mange komponistar som har gjevi seg i kast med Tarjei Vesaas sine dikt. Geirr Lystrup har våga seg på det – med godt resultat! I samband med Tarjei Vesaas sitt 100 års-jubileum skreiv Lystrup songar som han fekk arrangert for kor. Dette gjorde han i nært samarbeid med Vinje songlag. Lystrup sjølv skriv: “Aldri har noko skrivearbeid falle lettare. Melodiane dilta liksom fram under diktlinene. Og sto eg fast var det berre å ha att augo og leggje utpå i smågut-pråmen på Vinjevatnet, same vatnet som Tarjei rodde.”  

Programmet Tarjei i tonar er bygd rundt fleire av desse korarrangementa, men publikum vil også høyre nokre døme frå visepop-plata “Løynde eldars land”, som kom ut same år. 

Utøvarane er eit kor frå Vinje som er sett saman for høvet, med mellom andre Aasmund Nordstoga (solosong) og Stein Versto (opplesing). Koret blir dirigert av Sonja Sandvik og pianoet traktert av Robertas Lamsodis. 

Type:
Festival

Tid:
27. august, kl. 18.30-21.00

Stad:
Edland