Sundag: barneprogram

28. august, kl. 12.30, Vinjesenteret

Bilete av Marianne Gretteberg Egedal
Marianne Gretteberg Egedal. Foto: Ingrid Styrkestad

Pølsetjuven
Marianne Gretteberg Engedal (f. 1986) er illustratør og barnebokforfattar frå Hallingdal. Pølsetjuven er den fyrste boka hennar, og med den vann ho både Kulturdepartementet sin bildebokpris og Nynorsk barnelitteraturpris i 2019. Boka handlar om ni år gamle Kjell, som er fødd inn i ein tjuvefamilie, men Kjell vil ikkje vera tjuv slik som dei andre i familien. Pølsetjuven handlar om å finne ut kven ein eigentleg er, og om å tore å leve slik ein ynskjer.

Type:
Barneprogram

Tid:
28. august, kl. 12.30

Stad:
Vinjesenteret