Sundag: dagsprogram

28. august, kl. 11.00-14.45, Vinje kyrkje og Vinjar

Stad: Vinje Kyrkje
Tid: 11.00-12.00

Festivalgudstenesta
Erik Hillestad (f. 1951) kjem òg til Litteraturdagane. Han var grunnleggjaren av kulturverkstaden og plateselskapet Kirkelig kulturverksted, og stod også i spissen for etableringa av kulturkyrkja Jakob i Oslo. Han er òg godt kjent som songtekstforfattar for ei mengd artistar som mellom anna Sondre Bratland, Sigvart Dagsland, Carola, SKRUK, Karoline Krüger og Anita Skorgan for å nemne nokre. Internasjonalt har han særleg samarbeidd med artistar frå Midt-Austen. 

Stad: Vinjar
Tid: 13.00-14.45

Skeivt kulturår 2022. Å lesa litteratur med skeive briller: Eksempelet Vesaas
Per Esben Myren-Svelstad (f. 1987) er fyrsteamanuensis i norsk ved NTNU i Trondheim og forskar mellom anna på kjønn og seksualitet som litterære tema. I innlegget sitt vil han snakke om korleis kjønn, kjærleik og drifter har vorte forstått på ulike måtar, og korleis dette kan kaste nytt ljos over tekstane til Tarjei Vesaas.  

Per Anders Buen Garnås
Per Anders Buen Garnås (f. 1980) frå Bø i Telemark er fire gongar noregsmeister på hardingfele. Han byrja å spela fele i seksårsalderen, inspirert av onklane Knut og Hauk Buen. Han har elles gått i lære hjå og lete seg inspirere av mange gode spelemenn innanfor ulike tradisjonar – særleg i Telemark, og har med åra tileigna seg godt over 500 slåttar. Men notar har han aldri lært seg, så alle slåttane han kan er difor lært på gehør og ligg lagra i hugsen. Me er glade for at Buen Garnås ynskjer å avslutte den litterære helga med sitt flotte spel!

Type:
Festival

Tid:
28. august, kl. 11.00-14.45

Stad:
Vinje kyrkje og Vinjar