Torsdag: kveldsprogram

25. august, kl. 19.00, Vinjesenteret

Fuglane på spansk
Å føre Mattis si inntrykksvare verdsoppfatning frå eit Telemark-festa nynorsk over i  verdsspråket spansk, har ikkje berre vore «grei skuring» – eller «flate steinar» (piedras lisas). Heldigvis har spansk den vidunderlege verb-modusen konjunktiv som høver godt når det gjeld å skildre dikt og draum og vare kjensler. 

Juan Gutierrez-Maupome (f. 1961) og Hilde Vesaas (f. 1966) har samarbeidd om den spanske utgåva av Fuglane som vil kome på det spanske forlaget Nórdica seinare i år. I eit program sett i hop saman med skodespelar Montserrat Ontiveros (f. 1960) tar dei oss gjennom Mattis og Hege si reise frå nynorsk til spansk – gjennom opplesing, samtale og dramatisering. 

Fuglane på film
Det kan vera vanskeleg å gjera film av Tarjei Vesaas sin poetiske prosa. Han skriv om det som går føre seg mellom menneska, mellom orda som blir sagt, det som er indirekte og ligg mellom linene. Dette kan vera vanskeleg å attskape i film. Den polske regissøren Withold Leszczynski ser likevel ut til å ha greidd dette. Filmen er både vakker og vemodig, og til tider forsonande humoristisk. Forfattaren sjølv skal ha sagt i eit intervju at «Eg har sett han tre gonger […] og er svært nøgd».

Type:
Festival

Tid:
25. august, kl. 19.00

Stad:
Vinjesenteret