Hopp til hovudinnhald

Bli frivillig

Frivillige har kvart år gjort ein stor innsats for Litteraturdagane i Vinje. Festivalen er heilt avhengig av den gode hjelpa frå lokale krefter, seier vertskaps- og programansvarleg Ingebjørg Nestestog Edland.

Kvart år er om lag førti personar med på å gjere Litteraturdagane til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. Me ynskjer at du som frivillig får gode opplevingar i godt fellesskap. Dei som er frivillige får fribillettar til arrangement og t-skjorte.

Me treng mellom anna:

  • Billettvakter
  • Servering
  • Teknisk medhjelpar
  • Parkeringsvakt
  • Opp- og nedrigg
  • Sjåførar/transport
  • Pynting
  • Rydding
  • Vertskap

Ynskjer du å bli frivillig på Litteraturdagane kan du sende ein e-post til post@nynorsk.no. Skriv gjerne kva du ynskjer å bidrage med.

Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2