Hopp til hovudinnhald

Museumsbutikken

I museumsbutikken på Vinjesenteret finn du bøker og gåver til store og små!

  • Museumsbutikken på Vinjesenteret med eit utval varer
    1/1
    Museumsbutikken på Vinjesenteret Mari Tveiti / Nynorsk kultursentrum

Me har eit breitt utval sakprosa og skjønnlitteratur frå lokale og nasjonale forfattarar. Her finn du også ulike suvenirar, leiker og spel.

Vinjesenteret tilbyr enkel servering av kaffi, is og ulike kioskvarer. Skin sola, så er uteområdet ved Vinjesenteret ein ypparleg stad å ete niste på.

Butikken og kafeen følgjer museet sine opningstider, i tillegg held dei ope i samband med alle arrangement. Ein treng ikkje løyse billett til museet for å besøke butikken og kafeen.

Velkomen!

Fleire av artiklane i museumsbutikken er også tilgjengeleg på handlenett.no – sjå peikar under.

  • Museumsbutikken på Vinjesenteret med bøker og andre varer i hyller og på bord
    1/1
    Museumsbutikken på Vinjesenteret. Mari Tveiti / Nynorsk kultursentrum
Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2