Hopp til hovudinnhald

Ei budeie sine vedkjenningar

Velkomen til markering av kvinnedagen med Marte Østmoe!

Velkomen til markering av kvinnedagen på Vinjesenteret 8. mars kl. 18.00! 

Biblioteket Vinjesenteret
Vinjevegen 1441, 3890 Vinje, Norge
08. mars 2026
18.00
Kjøp billett her
  • Marte Østmoe Foto: privat
    Marte Østmoe Foto: privat

Marte Østmoe kom sumaren 2023 over ein annonse med ynskje om budeie, og tenkte «kvifor ikkje?». Kort tid etter fekk ho tilbod om eit opphald på Samastad, med ansvar for 200 geiter.   

Denne dagen kjem Østmoe for å fortelje om hennar opplevingar på Samastad, og for å snakke om seterkultur, som i 2024 kom på UNESCO si liste over immaterielle kulturarv. Me får høyre ulike lokk, dikt, smake på chevre frå Haukeli, og lukte på ragg.