- 1/1
Eldrid Lunden får Storegutprisen 2025 under Litteraturdanane i Vinje 27. september. Cato Lein
Gjennom eit langt og mangfaldig forfattarskap har Eldrid Lunden markert seg som ein av dei mest ruvande stemmene i norsk samtidslitteratur. Sidan debuten i 1968 har ho vore ein nytenkjande lyrikar med eit særprega og presist språk. Med ei rekkje diktsamlingar og essaysamlingar, og som sentral fagperson ved forfattarstudiet i Bø, har ho påverka fleire generasjonar med unge skrivande.
– Eldrid Lunden er ein nestor i norsk litteratur og ein stilskapar som har forma poesien med eit språk som både utfordrar og rører. Ho er ei litterær røyst som undersøkjer, sansar og erkjenner – alltid med eit medvite forhold til grensene og moglegheitene til språket, seier juryleiar Aasmund Nordstoga.
Storegutprisen vert kvart år delt ut til ein person som på ein positiv måte fremjar nynorsk språk i det offentlege rom. Med sitt knappe og uttrykksfulle språk har Lunden gjort dette på ein framifrå måte gjennom meir enn fem tiår.
Eldrid Lunden (f. 1940) kjem frå Naustdal i Sunnfjord og har vore ein sentral skikkelse i norsk litteratur både som forfattar, kritikar og pedagog. Ho var den fyrste i landet som fekk tittelen professor i skrivekunst, og har gjennom arbeidet sitt ved Høgskulen i Telemark hatt stor innverknad på utviklinga av skrivefaget i Noreg.
Ho er tidlegare mottakar av ei rekkje litterære prisar, mellom anna Halldis Moren Vesaas-prisen, Amalie Skram-prisen og Aschehougsprisen, og vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden i 2016.
Storegutprisen vert delt ut under Litteraturdagane i Vinje i Edland 27. september.