Hopp til hovudinnhald

«Finland - vår utsatte nabo - fra russisk storhertugdømme til Nato-medlemskap» med Morten Jentoft

NB! Arrangementet har funne stad
Vinjesenteret
Vinjevegen 1441, 3890 Vinje, Norge
13. nov. 2025
19.00

Finland på dryge hundre år vore gjennom ei dramatisk historie: Frå å vera eit russisk storhertugdømme til å gå gjennom ein blodig borgarkrig til å oppnå sjølvstende etter den fyrste verdskrigen. 

I mellomkrigstida såg mange i Noreg på Finland som ei ekspansiv, trugande makt som lukta på delar av Nord-Noreg. Så kom vinterkrigen i 1939, og Finland fekk  stor sympati i Noreg, før den norske eksilregjeringa braut dei diplomatiske sambanda i 1941, på grunn av Finlands samarbeid med Nazi-Tyskland. Etter Russlands åtak på Ukraina vart Finland medlem i Nato, og i dag står Noreg og Finland nærare kvarandre enn nokon gong. 

Morten Jentoft er journalist og forfattar og har jobba med Finland i store deler av yrkeslivet. Han har skrive boka «Finland 1918 – om nordmenn i den finske borgerkrigen» Hausten 2025 kjem han med ei ny bok om Finland og Noreg under den andre verdskrigen.  

  • 1/1
    Morten Jentoft Line Ørnes Søndergaard