Hopp til hovudinnhald

Fuglane - samtale og billettslepp


Vinjesenteret
Vinjevegen 1441, 3890 Vinje, Norge
08. des. 2026
19.00
  • 1/1

Fuglane – frå bok til scene

Kva er det med Tarjei Vesaas og Fuglane som framleis treff oss, snart 70 år etter at romanen kom ut?

Teater Ibsen og Vinjesenteret inviterer til billettslepp og ei stund i Vesaas sitt litterære univers. Møt skodespelarane, teatersjefen og regissøren bak framsyninga, og få eit innblikk i korleis ein av dei mest sentrale romanane i norsk litteratur skal få nytt liv på scena.

Det blir høgtlesing frå romanen, refleksjonar rundt Vesaas, nynorsken og litteraturen, og me får høyre kvifor Teater Ibsen har valt å setje opp nettopp Fuglane.

Velkomen!

Arrangementet er gratis og ope for alle.