Parkering, tilkomst og inngang
- Det er stor parkeringsplass rett ved inngangen. Det er ein liten planert grusveg frå parkeringa og til inngangen.
- Inngangen er lyssett og det er terskelfri inngang.
- Det er om lag 300 meter å gå frå Vinjesenteret til Vinjestoga på asfalt, grusveg og stil. Sjølve Vinjestoga er diverre ikkje tilrettelagt for rullestolbruk.
- Det er mogleg å reise til Vinjesenteret med kollektivtrafikk. Haukeliekspressen frå Oslo til Haugesund via Drammen, Notodden og Vinje går forbi Vinjesenteret. Haldeplassen heiter Vinjar, og det er om lag 50 meter å gå til senteret derifrå. Også lokalbussen mellom Haukeli og Åmot stansar på Vinjar.
- E134 er ganske traffikert og sykkeltilhøva er ikkje særleg gode, men det er mogleg å parkere syklar ved Vinjesenteret.
- 1/1