Hopp til hovudinnhald
Litteraturdagane 2025

Kveldsprogram fredag

Vinjar Litteraturdagane 2025
26. sep. 2025
18.00
Kjøp billett

18.00: Spenning, svik og sorg

Ruth Lillegraven har skrive dikt, romanar, dramatikk, og bøker for barn og unge.

I samtale med Erlend Kaasa snakkar ho om thriller-trilogien Alt er mitt (2018),

Av mitt blod (2021) og Mitt neste liv som kjem ut sumaren 2025.

19.00: Naturmystikk og nasjonalromantikk

I boka Snø og granskog viser Helge Kaasin korleis norsk svartmetall kan knyttast til tradisjonell norsk naturmystikk og nasjonalromantikk. Korleis relaterer dette til den tilsvarande tendensen i folkekulturen, folkemusikken og diktinga, til dømes frå Vest-Telemark? Kor reaksjonær er eigentleg svartmetallen? Møt Helge Kaasin i samtale Øyonn Groven Myhren. Samtaleleiar er Inga H. Undheim.

20.15: Vinje, Vesaas og vinyl

Eit populær-musikalsk føredrag om nynorske songskattar ved forskar og forfattar

Arild Torvund Olsen.

21.15: Pulserande konsert: SYMRE

SYMRE er ein låtskrivar og gitarist frå Morgedal. Tekstane er på dialekt, og får ofte tilbakemeldinga «finurleg», med humor som eit viktig verkemiddel. Musikken er leiken, og hentar element frå jazz, folk, pop og rock. SYMRE brenn for engasjerande formidling, og er kjend for god kontakt med publikum. Til Litteraturdagane kjem ho med fullt band, rett frå studioinnspeling av plate nummer tre.

Bandmedlemer:
Jon Espelid (trommer og kor) frå Treungen
Torjus Gravir Klykken (bass og kor) frå Skien
Åsmund Skjeldal Waage (vibrafon og synt) frå Gvarv
Tobias Rønnevig (perkusjon og kor) frå Lillesand

  • Portrettfoto av Ruth Lillegraven med svart jakke framom nokre grøne lauvtre
    1/5
    Ruth Lillegraven Agnete Brun
  • Portrettfoto av Helge Kaasin i eit mørkt rom der berre halve andlete synes
    2/5
    Helge Kaasin Kim Erlandsen
  • portrettfoto av Inga H. Undheim i svart kvitt bilde
    3/5
    Inga H. Undheim Adrian Søgnen
  • Arild Torvund Olsen med skuggelue og med ei bok i handa framom ein oransje vegg.
    4/5
    Arild Torvund Olsen Kjartan Helleve
  • Symre Taugbøl Bang med gitar, og eit naturlandskap i bakgrunnen
    5/5
    Symre Taugbøl Bang Ole Børset
Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2