Hopp til hovudinnhald
Litteraturdagane 2025

Dagprogram laurdag

Vinjesenteret og Vinjar Litteraturdagane 2025
27. sep. 2025
10.00
Kjøp billett

10.00: Familieprogram med Ruth Lillegraven

Ruth Lillegraven les frå Mari og Magnus-bøkene. Høver best for deg som går i

barnehagen!

12.00: Kvifor snakke med katten?

Diktet «Katten» av Olav H. Hauge står i ein større samanheng i både verdslyrikken

og den nynorske litteraturhistoria. Diktaren Kjartan Hatløy har teke opp denne tråden

og har stilt spørsmålet «Kva er varast?». Og han svara med det same:  «Ikkje katten,

men eg». I dette føredraget reflekterer Stein Arnold Hevrøy over ein nynorsk

dikttradisjon.

kl. 13.00: Opplesing

Opplesing ved skodespelarane Jon Wereide Hope og Adanne Lin-Ji Ezimoha Sætereie frå Den mangfaldige scena.

Regi: Liv Hege Skagestad

13.15: Debutantprisvinnar 2025

Anna With vart tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2025 for diktsamlinga

Eplet. Nesten. Møt ho i samtale med Hilde Vesaas.

14.15: Vesaas-føredraget: Karl Ove Knausgård

Forfattar Karl Ove Knausgård held det tradisjonsrike Vesaas-føredraget.

15.00: Olav Vesaas les tekstar av Tarjei Vesaas

Olav Vesaas les tekstar av faren Tarjei Vesaas.

  • Portrettfoto av Ruth Lillegraven med svart jakke framom nokre grøne lauvtre
    1/6
    Ruth Lillegraven Agnete Brun
  • Stein Arnold Hevrøy med hettegenser framom ein betongmur
    2/6
    Stein Arnold Hevrøy Maria Fet / Nynorsk kultursentrum
  • Anna With sitjande på ein krakk framfor ein spegel, i delvis skugge med lys frå vindauge
    3/6
    Anna With Hedda Rysstad
  • Portrettfoto av Karl Ove Knausgård
    4/6
    Karl Ove Knausgård Sølve Sundsbø for D2
  • 5/6
    Jon Wereide Hope
  • 6/6
    Adanne Lin-Ji Ezimoha Sætereie
Museum24:Portal - 2025.07.11
Grunnstilsett-versjon: 2