18.00: Utdeling av Storegutprisen
Storegutprisen er ein årleg pris som vert delt ut under Litteraturdagane. Prisen har fylgjande kriterium for tildeling: Storegutprisen vert gjeven til den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rom.
18:30: Opplesing
Opplesing ved skodespelarane Jon Wereide Hope og Adanne Lin-Ji Ezimoha Sætereie frå Den mangfaldige scena.
Regi: Liv Hege Skagestad
18.45: Kan dialogen vekkjast til live?
Kai Eide har lang erfaring som diplomat, og har mellom anna arbeidd med konfliktar
på Balkan, i Israel, Afghanistan og Libya. Med utfordringane verda står overfor, når
det gjeld krig, konflikt og klima, er han svært bekymra for at den diplomatiske
dialogen er død, og spør om han kan vekkjast til live igjen.
Pause med kling og gome
20.00: Konsert med Ine Hoem, Edvard Hoem og Andreas Ulvo
Hausten 2021 sleppte Ine Hoem albumet «Alt vi har kjært», som er eit musikalsk
samarbeid med faren hennar, Edvard Hoem. Ine Hoem har skrive dei fleste
melodiane, og Edvard Hoem står for tekstane. Med seg til Edland har dei
pianisten Andreas Ulvo.
- 1/4
Kai Eide Privat - 2/4
Ine og Edvard Hoem Jørgen Nordby - 3/4
Jon Wereide Hope - 4/4
Adanne Lin-Ji Ezimoha Sætereie