- 1/1
Karl Ove Knausgård haldt det tradisjonsrike Vesaag-føredraget. Maria Fet / Nynorsk kultursentrum
– Det er ei glede å sjå kor mange som finn vegen til Litteraturdagane. At me har fulle salar viser at festivalen har ein viktig plass. Eg vil takke alle som har bidrege. Frå utøvarar og publikum til alle frivillige og samarbeidspartnarar, seier festivalsjef og museumsleiar ved Vinjesenteret, Yngve Knausgård.
Festivalen opna torsdag med ein humørfylt opningstale ved ordførar i Vinje Jon Rikard Kleven, før Mímír Kristjánsson delte ope og nært frå boka Pabbi i samtale med Eirik Bø. Gunnar Garfors tok publikum med på reise langs ekvator og polarsirklar.
– Det var ein innhaldsrik start som sette tonen for resten av Litteraturdagane. Fredagsprogrammet gav oss både inspirasjon og nye perspektiv, seier vertskaps- og programansvarleg Ea Kristine Bakken.
Eit bredt spekter av opplevingar
Fredag heldt Inga Undheim føredrag om A. O. Vinje, Leander Djønne presenterte den ferske romanen sin, og Sandra Lillebø og Svanhild Amdal Telnes samtala om arven etter Halldis Moren Vesaas. Carline Tromp gav innblikk i framveksten av høgreekstreme rørsler på nettet, før Helge Kaasin fortalde om norsk svartmetall, Arild Torvund Olsen gav publikum ei reise i nynorsk musikkhistorie, før songarenSYMRE med band avslutta kvelden med ein pulserande og leiken konsert.
– Laurdagen romma høgdepunkt for både barn og vaksne, fortel Bakken. Ruth Lillegraven las for dei yngste, debutantprisvinnar Anna With samtala med Hilde Vesaas om boka si Eplet. Nesten, og Karl Ove Knausgård bergtok publikum med Vesaas-føredraget. Olav Vesaas las tekstar av faren Tarjei Vesaas og fekk ståande applaus av eit entusiastisk publikum. Prisvinnaren Eldrid Lunden kunne dessverre ikkje vere til stades for å ta i mot Storegutprisen 2025, men Inga H. Undheim fortalde kva Lunden har hatt å seie for norsk litteratur. Kai Eide haldt eit engasjert føredrag om diplomatisk dialog i ei uroleg verd, og Ine Hoem og Andreas Ulvo sette eit musikalsk punktum for kvelden. Ine Hoem formidla ei personleg helsing til publikum frå Edvard Hoem som gjerne skulle vore der.
Søndag vart helga avrunda med gudsteneste med markering av hundreårsjubileet for Nynorsk salmebok, med salmesong ved mellom anna Aasmund Nordstoga.
- 1/1
Mímír Kristjánsson snakka om boka si «Pabbi» i samtale med Eirik Bø. Mari Tveiti / Nynorsk kultursentrum
- 1/1
Olav Vesaas las tekstar av Tarjei Vesaas. Maria Fet / Nynorsk kultursentrum