- 1/1
Eivind Senneset / Marte Heian-Engdal / Selma Lønning Aarø / Unni Eikeseth / Kari Stai Eivind Senneset / Agnete Brun / Agnete Brun / Elin Iversen / Kari M. Svanberg
12.00
På ondt og godt i Midtausten
Marte Heian-Engdal er historikar, Midtausten-ekspert og forfattar. I boka Et Gaza-liv følger ho ein palestinsk familien i sorg og glede, og ser samstundes bakover i palestinsk historie. I samtale med Anne Natvig kjem Heian-Engdal ganske sikkert også inn på den siste boka si Et helsikes oppdrag, om Noreg si rolle som fredsmeklar.
13.00
Lidinga sitt laboratorium
Våpenindustrien sitt mål er å utvikle stadig meir effektive våpen for å drepe menneske og øydelegge byggverk, infrastruktur og natur. Korleis kan vitskapsfolk bidra til dette kappløpet samstundes som dei jobbar for å redde liv på andre felt? Dette spør Unni Eikeseth om i boka Krigens laboratorium. Møt ho i samtale med forfattar og tidlegare ordførar i Vinje, Arne Vinje.
14.15
Eksponeringstid: 200 år. Føredrag av Eivind Senneset
Det fyrste fotografiet blei teke av den franske oppfinnaren Nicéphore Niépce kring 1826. Fotografiet har fylgt menneska i dei største bragdene og dei mørkaste stundene, og har dokumentert triumfar og lidingar på ein måte som få andre medium. Sjølv om fotografi alltid har vore gjenstand for manipulering, har dokumentarfotografiet hatt ein ibuande autoritet og ein nærast mytisk status som sanningsvitne. Men aldri før har denne autoriteten blitt utfordra slik han blir i dag.
15.15
Passe happy?
Nokre barnebøker er problemorienterte. Andre er fantasifulle og leikne. Som vaksenlitteraturen. Korleis tenker forfattarane om det å skrive bøker for born og unge? Kari Stai er illustratør og forfattar, og kjend for mellom anna dei populære bøkene om Jakob og Neikob. Selma Lønning Aarø har skrive bøker både for born og vaksne, og ein kjend stemme mellom anna i kommentarspalta i Dagbladet gjennom mange år. Samtaleleiar er omsetjar og litteraturformidlar ved Porsgrunn bibliotek, Stian Omland.