Hopp til hovudinnhald

Litteraturdagane 2026: fredag – kveld

Vinjar Vinjesenteret
Vinjevegen 1441, 3890 Vinje, Norge
25. sep. 2026
18.00
  • 1/1
    Tønes / Tormod Haugland / Selma Lønning Aarø / Gudmund Skjeldal / Odd Nordstoga Tommy Ellingsen / Linn Heidi Stokkedal / Agnete Brun / Maria Kleppe Vikhovde / Lasse Fløde

18.00
Erotikk; ei liding å lese, ei liding å skrive? 

Korleis skildrar ein erotikk i litteraturen? Er det best å vere subtil? Eller direkte? Kva er bra og kva er kleint? 

Forfattarane Tormod Haugland, Odd Nordstoga og Selma Lønning Aarø har alle bidrege til novellesamlinga Attrå: Erotiske fantasiar, som kom ut våren 2026. Møt forfattarane i ein pirrande samtale, leia av direktør ved Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik. Tør dei å lese opp det dei har skrive? Kanskje blir det ståande applaus? 

19.00
Snøsorg  

Snøen har forma landskap, kultur og identitet i Skandinavia gjennom generasjonar. Han har vore grunnlag for arbeid og friluftsliv, glede og strev, minner og mytar. Men kva skjer når vintrane blir kortare? 

Historikar og forfattar Gudmund Skjeldal skreiv boka Fallande snø i 2007. Han møter forfattar og Harvest-redaktør Simen Tveitereid til samtale om snøen si rolle i norsk sjølvforståing. Og med eit oljefond som har passert 22000 milliardar kroner – kva ansvar ber me sjølve? 

20.15 
Konsert med Tønes 

Frank Tønnesen frå Sokndal er ein folkekjær songar, gitarist og låtskrivar med 11 album, fleire EP-ar og ein roman bak seg.  

Tønes sine tekstar er lune og humoristiske observasjonar, ikkje frie for alvor, med emne ein ikkje skulle tru eigna seg som songtekstar. 

Det er heilt sikkert høve til å rope ut sin favoritt og få den spelt!