Hopp til hovudinnhald

Litteraturdagane 2026: laurdag – dag

NB! Arrangementet har funne stad
Vinjar Vinjesenteret
Vinjevegen 1441, 3890 Vinje, Norge
26. sep. 2026
12.00
  • Kari Veiteberg / Anne-Lise Frøland / Aasne Linnestå / Stein Torleif Bjella / Kari Stai Agnete Brun / Marius Fiskum / Adrian Nielsen / Kari M. Svanberg

10.00 Familiearrangement

Me inviterer til urframsyning av eit heilt nytt figurteater i regi av Adele Lærum Duus. Stykket bygger på Jakob og Neikob og tidsmaskinen skrive av Kari Stai. Etterpå les forfattar og illustratør Kari Stai sjølv høgt frå ei av sine bøker.

12.00 Aasne Linnestå: Vesaas-føredraget

Aasne Linnestå er forfattar busett i Svartskog, oppvaksen på Rjukan. Ho har gitt ut romanar, diktsamlingar og skrive skodespel. Linnestå vil halde årets Vesaas-føredrag. 

13.00 Tru – håp og livsmot når det røyner på

Kari Veiteberg er bymisjonsprest i Tøyenkirken. Frå 2017 til 2024 var ho biskop i Oslo bispedømme. I hennar siste bok skriv ho mellom anna korleis kristentrua, rituala og tradisjonane kan gje trøyst og fellesskap når me treng det. Samtaleleiar er Marte Heian-Engdal, som i heile 2025 var kyrkjegjengar, trass i si ateistiske bakgrunn.   

14.15 Møte med debutantprisvinnar Anne-Lise Frøland

For romanen Tynne rivner av lys fekk Anne-Lise Frøland Tarjei Vesaas’ debutantpris 2025. Frøland kjem frå Ålesund og bur i Oslo. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og jobbar som lektor. Samtaleleiar er Hilde Vesaas som også er lektor, og bokmeldar i Dag og Tid. 

15.00 Litterært møte med Stein Torleif Bjella

Stein Torleif Bjella er artist, musikar og komponist. Han er kjend for sin fine songlyrikk, på dialekt, men har også skrive to skjønnlitterære bøker. Møt han i litterær samtale med journalist i Klassekampen, Eivind Myklebust. 

Kjøp billettar her: