Hopp til hovudinnhald

Litteraturdagane 2026: laurdag – kveld

Edland samfunnshus Vinjesenteret
26. sep. 2026
18.00
  • 1/1
    Ævestaden. Foto: Lamia Karic

18.00 
Utdeling av Storegutprisen 

Storegutprisen er ein årleg pris som vert delt ut under Litteraturdagane. Prisen har fylgjande kriterium for tildeling: Storegutprisen blir gjeven til den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rom.

18.30
Olav Duun: Kunsten, døden og kjærleikens diktar.  

I år er det 150-årsjubileum for forfattaren Olav Duun (1876–1939). Duun nådde lesarar i heile Europa i si tid, og var aktuell til Nobelprisen i ei årrekke. Mange hugsar framleis dei sterke forteljingane om Odin som ofrar livet for motmannen sin i Juvikfolke (1918–23) og om Ragnhild som drep svigerfar sin, men som etter kvart kjem til erkjenninga om at «Det vonde drep du ikkje med øks». Me markerer jubileet med føredrag av Grethe Fatima Syéd, som tok doktorgrad på Duuns dikting i 2012 og kom ut med bok om forfattarskapen i 2015. 

19.45  
Urfamføring: Ævestaden – Nivelkinn 

I 2001 gav Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga ut plata Nivelkinn, basert på Aslaug Vaa sin diktsyklus med same namn. Plata blei ein stor suksess og fekk Spelemannprisen. 

No har me invitert bandet Ævestaden til å tolke Nivelkinn på nytt. Tekstane ligg der, musikken ligg der, men Ævestaden arrangerer og framfører med sine instrument og stemmer. 

Kjøp billettar her: