Ævestaden / Tønes Lamia Karic / Tommy Ellingsen
Litteraturdagane 2026 blir arrangert 24.–27. september.
Tema i år er «liding». Det kan høyrest tungt og vanskeleg ut, men det blir ikkje berre det! Som alltid byr festivalen på samtalar og føredrag med utgangspunkt i skjønnlitteratur, sakprosa og poesi, og ikkje minst tradisjonsrike programpostar som Vesaasføredraget.
Det endelege programmet blir lansert i slutten av juni, men festivalpass kan du sikre deg allereie no.
Frå programmet kan me avsløre desse musikalske godbitane:
Urframføring: Ævestaden tolkar Nivelkinn
I 2001 gav Øyonn Groven Myhren og Odd Nordstoga ut plata Nivelkinn, basert på Aslaug Vaa sin diktsyklus med same namn. Plata blei ein stor suksess og fekk Spelemannprisen.
No har me invitert Ævestaden til å tolke Nivelkinn på nytt. Tekstane ligg der, musikken ligg der, men bandet gjev Nivelkinn eit nytt uttrykk med eigne arrangement, stemmer og instrument.
Urframføringa kan du oppleve på festkvelden på Edland laurdag 26. september.
Tønes på Vinjar
Frank Tønnesen frå Sokndal, betre kjent som Tønes, er ein folkekjær songar, gitarist og låtskrivar med 11 album, fleire EP-ar og ein roman bak seg.
Tønes sine tekstar er lune og humoristiske observasjonar, ikkje frie for alvor, med emne ein ikkje skulle tru eigna seg som songtekstar!
Me gler oss til han skal fylle Vinjarsalen med dei fredag 25. september!
Kjøp festivalpass her:
Bli frivillig
Meir informasjon om Litteraturdagane finn du her: