- 1/1
Tormod Haugland / Erlend Loe Linn Heidi Stokkedal / Anna Julia Granberg
18.00 Offisiell festivalopning
18.15
Utdeling av Telemark litteraturpris
18.30
Liding, tap og identitet
Hovudpersonen i Erlend Loes bok Kukene/Kukane, Tander, mistar kjønnsorganet sitt i dusjen. Livet tek ei dramatisk vending der han må stille seg sjølv spørsmål rundt tap, identitet og det mannlege verdsherredømmet. På absurd og satirisk vis stiller Erlend Loe også ei ein meir generell diagnose på samtida. Det er lett å le gjenkjennande til Loe-humoren, men den er grunnleggande alvorleg. Forfattar og musikar Erlend Kaasa frå Åmot er samtaleleiar.
19.15
Tormod Haugland
I 2024 gav Tormod Haugland ut romanen Sirenene. For denne fekk han P2-lyttarane sin romanpris. Då hadde han 20 år bak seg som forfattar, etter debuten med romanen Under. Haugland har gjeve ut 14 romanar, men har også skrive noveller, lyrikk, dramatikk og essay. Den siste utgjevinga hans er romanen Ljodane, som kom ut hausten 2025. Kanskje er det spor av Tarjei Vesaas i tekstane hans? Forfattar og skribent Kjersti Rorgemoen frå Øyfjell er samtaleleiar.