- 1/1
Diktarheimen Midtbø Mari Tveiti / Nynorsk kultursentrum
Diktarparet Halldis Moren Vesaas (f. 1907) og Tarjei Vesaas (f. 1897) budde saman på Midtbø frå 1934 og livet ut. Her skreiv dei flesteparten av bøkene sine, levde familieliv med to barn, tok imot kollegaer og andre gjester frå inn- og utland og var aktive i norsk kulturliv både lokalt og nasjonalt. Tarjei døydde i 1970, Halldis i 1995. Garden Midtbø står slik han var medan dei levde.
Opningstider, prisar og omvising
23. juni–12. juli
Tysdag–sundag kl. 12.00–16.00
Omvising kvar heile time, siste omvising frå kl. 15.00
I denne perioden er det familien Vesaas som tek imot besøkande og billettar må kjøpast på Midtbø.
Måndagar er diktarheimen Midtbø stengd.
14. juli–16. august
Tysdag–sundag kl. 12.00–17.00 (siste omvising frå kl. 16.00)
Omvisingar i regi av Vinjesenteret.
Billettar til sals på Midtbø og ved Vinjesenteret i denne perioden.
Resten av året:
Omvisning utanom sommarsesongen gjerast etter avtale seinast 14 dagar i forvegen. Me leiger då inn omvisar for kr 1500, billett kjem i tillegg, kr 150. Ta kontakt på vinjesenteret@nynorsk.no.
Billettar kjøper du i museumsbutikken på Vinjesenteret eller av omvisaren på Midtbø.
Prisar
Vaksen/honnør: 150,-
Rabattpris: 100,-
Mållaget, Venelaget Vinje, Venelaget Hauge, tilsette/medlemmar i stiftarinstitusjonane.
Born: Gratis