Hopp til hovudinnhald

Norsk litteratur i Nazi-Tyskland

Velkomen til samtale på Vinjesenteret den 18. mars!

Kom til Vinjesenteret 18.mars!

Biblioteket Vinjesenteret
Vinjevegen 1441, 3890 Vinje, Norge
18. mars 2026
18.00
Kjøp billett
  • 1/1
  • Foto: Maria Fet / Nynorsk kultursentrum
    Professor i historie Narve Fulsås Maria Fet

I løpet av andre verdskrig var Noreg den største eksportøren av omsett litteratur til Tyskland, der mellom andre Knut Hamsun og Trygve Gulbranssen var bestseljarar. Denne historia har fram til no vore heilt ukjend.  

Gjennom arkivsøk har professor Narve Fulsås studert viljen til å samarbeide med det nazistiske litteratursystemet under krigen hjå norske forlag. Norske forleggarar sa at dei ville forsyne ikkje-nazistiske forlag med god omsett litteratur, men inntekter frå sal vog ofte tyngre enn moralske motførestillingar.  

Kom til Vinjesenteret 18.mars og lær meir om denne ukjende sida av norsk litteraturhistorie!   Samtaleleiar er Anne Natvig.