Hopp til hovudinnhald

Om festivalen

  • Publikum scene med utøvar - sett frå salen.
    1/1
    Bilde frå Litteraturdagane 2024 Nynorsk kultursentrum

PRAKTISK INFO

Arena og parkering

Vinjesenteret/Vinjar
Vinjevegen 1441, 3890 Vinje

Edland
Storegutvegen 50, 3895 Edland

to bilde med mat frå Bjaaland Bygderestaurant Privat

Overnatting og mat

Mat og serveringstilbod

Bjaaland Bygderestaurant: Thomas og Hellene flytta heim til Morgedal i 2016 og starta restauranten Bjaaland bygderestaurant. Dei lagar mat frå botnen av og brukar lokale råvarer der dei kan for å spegle det mangfaldige fjellandskapet i Vest-Telemark. Under Litteraturdagane lagar dei ein eigen meny med lokalt preg, og her har dei også pub med brygg frå eige bryggeri – Vinje Bryggeri.

Fredag: kl. 11.00–23.30*
Laurdag: kl. 11.00–16.00
*Matersvering til kl. 21 på fredag.

Overnatting

Rauland

På Rauland fins det ei rekkje overnattingsstader, frå Raulandsakademiet til hotell og hyttegrender. På visitrauland.no finn de ei rekkje av alternativa i Rauland. Rauland ligg om lag 17 minutt med bil frå Åmot.

Åmot/Vinje/Haukeli

Groven Camping i Åmot

Haukeli Hotell i Haukeli (om lag 36 minutt med bil frå Åmot til Haukeli/Edland)

Mjonøy camping i Vinje (om lag 15 minutt frå Åmot)

Transport

Bil

Vinje kommune ligg i Vest-Telemark i Vestfold og Telemark fylke. Følg E134 frå Bergen eller Oslo. Frå Oslo er avstanden ca 210 km. Frå Bergen ca 265 km.

Buss

Haukeliekspressen (Linje NW180) med Nor-way bussekspress har dagleg avgang frå Oslo og Bergen til Vinje kro i Åmot.

Telemarkekspressen (Linje NW 182) med Nor-way bussekspress har daglege avgangar frå Sandefjord, Skien, Porsgrunn til Seljord. Haukeliekspressen eller lokalbuss frå Seljord til Åmot Vinje kro.

Nor-way bussekspress

Lokalbussar i Vest-Telemark frå Åmot Vinje kro – Rauland m.m.

Festivalen oppmodar alle utøvarane og gjestene sine om å reise grønt og miljøvennleg, så sant det er mogeleg.

Fly

Rutefly til Oslo lufthavn Gardermoen dagleg. Om lag 4 timars reisetid med buss og bil til Vinje.
Rutefly til Torp lufthavn Sandefjord dagleg. Om lag 4 timars reisetid med buss og bil til Vinje.

Flyruter Norwegian

Flyruter SAS

Flyruter Widerøe

 

Kontakt oss om Litteraturdagane

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål eller tips til programmet vårt.