Hopp til hovudinnhald

Programmet for Litteraturdagane er klart!

25.–28. september er det igjen klart for Litteraturdagane i Vinje. Årets tema «impulsar»: dei kreftene og rørslene som påverkar oss, frå det spontane og personlege til det globale. Ei rekkje forfattarar, føredragshaldarar og musikarar kjem til Vinjar og Edland.

  • Yngve Knausgård og Ea Kristine Bakken
    1/1
    Festivalsjef Yngve Kanausgaard og programansvarleg Ea Kristine Bakken har sett saman eit variert og spennande program til Litteraturdagane I september. Mari Tveiti / Nynorsk kultursentrum

– Impulsar kan vera ein plutseleg tanke, eller det me blir inspirert av eller påverka av, til dømes naturen, eller hendingar og tendensar andre stader i verda. Me vil utforske korleis desse impulsane kjem til uttrykk i litteraturen, og kva dei kan fortelje oss, seier Yngve Knausgård, festivalsjef og arenaleiar ved Vinjesenteret.

 

Aktuelle tema og sterke stemmer
Gjennom fire dagar byr festivalen på eit rikt program med litterære og musikalske møte, tankevekkjande samtalar og kulturhistoriske djupdykk. På scena står mellom anna den tidlegare diplomaten og bokaktuelle Kai Eide. Han vil reflektere rundt krig, konfliktar og klima og snakke om korleis den diplomatiske dialogen kan vekkjast til live att. Politikar og forfattar Mímír Kristjánsson skal snakke om den kritikarroste boka si Pabbi. En familiesaga om drukkenskap, som skildrar forholdet mellom ein son og ein far prega av sjukdom og rus. Ei bok som har gjort sterkt inntrykk på lesarar over heile landet.

 

Knausgård, Moren Vesaas og nynorske songskattar
Sandra Lillebø og Svanhild Amdal Telnes kjem for å snakke om korleis Halldis Moren Vesaas påverkar deira eigen forfattarskap og norsk litteratur generelt. Arild Torvund Olsen vil i det populær-musikalske føredraget sitt Vinje, Vesaas og vinyl lyfte fram nynorske songskattar.

 

For store og små
Litteraturdagane har òg plass til dei yngste. Laurdag føremiddag inviterer Ruth Lillegraven til lesestund på Vinjesenteret. Ho les frå bøkene om Mari og Magnus, som tek for seg små og store hendingar i livet. Perfekt for barn i barnehagealder.

 

Musikk som rører
Musikk og litteratur går hand i hand under Litteraturdagane. Frå Morgedal kjem musikaren SYMRE med sine finurlege tekstar.Under festkvelden i Edland får vi eit nært og stemningsfullt musikalsk møte med far og dotter: Ine og Edvard Hoem akkompagnert av Andreas Ulvo på piano. Under festivalgudstenesta i Vinje kyrkje vil 100-årsjubileet til Nynorsk salmebok (1925) bli markert med salmar frå 1925-liturgien, framførte av Aasmund Nordstoga og Anne Gravir Klykken.

 

– Me har eit variert og spennande program med aktuelle forfattarar, interessante føredrag, og god musikk med meiningsfulle tekstar. Me håpar mange vil ta turen til Litteraturdagane i september, avsluttar Ea Kristine Bakken, fungerande vertskaps- og programansvarleg ved Vinjesenteret og Litteraturdagane.

Her finn du program og billettar til årets festival

Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2