Hopp til hovudinnhald

«Så gjør vi så» – Forfattarsamtale med Helga Flatland og Ruth Lillegraven

Velkomen til forfattarbesøk på Vinjesenteret!
Den 29. april kjem Helga Flatland og Ruth Lillegraven til Vinjesenteret for å snakke om Flatland sin bok «så gjør vi så».

Velkomen til forfattarbesøk med Helga Flatland!

Biblioteket Vinjesenteret
Vinjevegen 1441, 3890 Vinje, Norge
29. april 2026
18.00
Kjøp billett
  • Helga Flatland
    Helga Flatland. Foto: Agnete Brun

Helga Flatland frå Flatdal gav ut romanen gjørvi så hausten 2025. Dette er hennar åttande roman. Flatland har alt hausta gode kritikkar for boka, og frå omtala til Forlaget Aschehoug skriv at romanen Så gjør vi så skildrar korleis makt og avmakt vert forhandla i relasjonar. Gjennom eit mikrokosmos av korpsdugnadar, middagar og kvardagsaugneblinkar viser romanen korleis vi lev i spennet mellom plikt og omsorg, forsvar og skuld, medan det store raser rundt oss - og det vesle likevel krev sitt.  

Samtalen blir leia av forfattar Ruth Lillegraven. Lillegraven har gjeve ut kring tjue bøker for barn og vaksne i ulike sjangrar, og mellom anna fått Nynorsk litteraturpris og Brageprisen. Forfattarane vil samtale om boka, men også snakke om heile forfattarskapen. Har skrivinga endra seg sidan debuten?