Hopp til hovudinnhald

Sesongopning på Midtbø – diktarheimen opnar dørene for sommaren

Sundag 15. juni kl. 14.00 opnar sommarsesongen på Midtbø, heimen til diktarparet Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas.

  • Bilde av Midtbø.
    1/1
    Sundag 15. juni opnar sommarsesongen på Midtbø. Mari Tveiti / Nynorsk kultursentrum

Opninga blir markert med tale ved ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven. Det blir òg opplesing ved Olav Vesaas og song ved Aasmund Nordstoga.

– Når vi sumaren 2025 skal vera med å gi omvisingar på Midtbø, vil vi gjerne markere det skikkeleg, seier arenaleiar ved Vinjesenteret, Yngve Knausgård.

Familien Vesaas har hatt omvisingar på Midtbø kvar sumar sidan 2016. I år er det første gong dette skjer i samarbeid med Nynorsk kultursentrum. Frå måndag 17. juni til 17. august er det Vinjesenteret som står for omvisingane, med unntak av vekene 27 og 28, då familien sjølve tek over.

– Vi er stolte og audmjuke for å få lov til å vera med på å formidle ein viktig del av norsk litteraturhistorie, seier Knausgård.

  • Bilde av Olav Vesaas og Yngve Knausgård.
    1/1
    Olav Vesaas overrekkjer Yngve Knausgård nøklane til Midtbø. Mari Tveiti / Nynorsk kultursentrum
Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2