Hopp til hovudinnhald

Storegutprisen

Storegutprisen er ein norsk pris som blir delt ut kvart år til nokon som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk. Prisen blei første gongen delt ut i 2002.

Juryen for Storegutprisen blir oppnemnd av medlemslaget Litteraturdagane og Nynorsk kultursentrum. Vinjesenteret er sekretariat for prisen.

Storegut, som eigentleg heitte Olav Olavson Edland, blei fødd på Edland i Telemark i 1764 og kom bort i fjellet sommaren 1791 medan han gjette buskapen. Etter at han forsvann, blei det fortalt mange soger om han og kva som kunne ha skjedd. Aasmund Olavsson Vinje skreiv om Storegut og faren i boka Storegut (1866, ny utgåve 1868), som er eit hovudverk i Vinjes dikting.

Prisvinnaren får ein statuett som skal førestille Storegut. Statuetten er laga av billedhuggeren Kjell Grette Christenson. Storegutprisen blir delt ut årleg på Edland under Litteraturdagane.

Vinnarar av Storegutprisen

År

Mottakar

2002

Ivar Eskeland

2003

Berge Furre

2004

Ragnhild Sælthun Fjørtoft

2005

Bjørn Bø

2006

Sigmund Groven

2007

Liv Signe Navarsete

2008

Audun Svartdal

2009

Nina og Øystein Rudi, Rudi Gard

2010

Odd Nordstoga

2011

Astrid Brekken

2012

Ingvild Bryn

2013

Herborg Kråkevik

2014

Sondre Bratland

2015

Lerum AS

2016

Are Kalvø

2017

Kristin Sørdal

2018

Olav Vesaas

2019

Linda Eide

2020

Inga utdeling

2021

Runar Gudnasson og Side Brok

2022

Guri Vesaas

2023

Fjord1

2024

Arianrhod «Arian» Engebø

2025

Eldrid Lunden

2026

Stein Torleif Bjella

Aktuelt om Storegutprisen