Hopp til hovudinnhald

Kurs, møte eller selskap?

Lokalet i Vinjesenteret høver godt for ulike typar arrangement. Me tilpassar tilbod om utleige eller omvising til gruppestorleik, selskap eller møte.

Rommet har 50 sitjeplassar, i tillegg til 10 ståplassar. Med bord er det plass til 30 stykk. Avhengig av talet kan servering skje inne i lokalet, eller utanfor i resepsjons- og kaféområdet. 

Ved utleige tilbyr me enkel servering, men me kan òg skaffe mat etter ynskje. Tinging av mat ved hjelp av eksterne aktørar må skje seinast 10 dagar før arrangementet.

Me tilbyr også omvisingar i utstillinga og i Vinjestoga. Informasjon om omvising i Vinjestoga finn du her.

Bruk av teknisk utstyr inngår som del av leiga.

Det er ikkje mogleg å leige rommet i sumarsesongen frå 15. juni til 15. august.

Prisliste

Gjeld frå 31. januar 2023

Leige av lokalet på Vinjesenteret må tingast seinast ein månad i forkant av arrangementet.
Avbestilling mindre enn 14 dagar før arrangementet vert fakturert med 50% av leigekostnaden.

Leige av lokale (tidlegare kalla biblioteket)

Lokalet i opningstid – 450 kr/t
Lokalet utanom opningstid u/vertskap– 450 kr/t
Lokalet utanom opningstid m/vertskap – 650 kr/t

Omvising

Gruppeomvising – 160 kr per person
Rabatt dersom meir enn 30 personar

Tillegg: omvisargebyr utanom opningstid – 1500 kr

For booking og spørsmål:

Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2