- 1/1
Vebjørn Granum Kjersheim og Kjell-Olav Hovde Line Marie Berteussen / SNL
Leksikonredaktørane Kjell-Olav Hovde og Vebjørn Granum Kjersheim arbeider i Store norske leksikon, den største nettstaden i Noreg for fagformidling. Dei kjem til Vinjesenteret for å fortelje om korleis leksikon blir laga, og kva utfordringar kunnskapsformidlarar står overfor i møte med kunstig intelligens.