Hopp til hovudinnhald

Vinjerevla – å fortelje med nål og tråd

Kan ein kombinere broderi som handverkstradisjon og nynorsk litteratur? Og kan forteljinga om Storegut formidlast på nye måtar? Ja!

  • to personar broderer på Vinjerevla
    Frå arbeidet med Vinjerevla Gudrun Semons

Vinjerevla er eit broderiprosjekt i samarbeid med Vinje handverkslag, der gjester ved Vinjesenteret kan vera med å brodere ei 12,5 meter lang revle basert på diktsyklusen Storegut (1866) av Aasmund Olavsson Vinje. Ordet "revle” kjem av norrønt, “refill”, og tyder ein lang smal strimmel av tøy. Vinjerevla finn du i etasjen under Vinjesenteret, der frivillige frå Vinje handverkslag vil rettleie deg i broderinga. Saumen er så enkel at alle kan bli med!

Opningstider haust 2026:

Kvar onsdag frå 2. september: kl. 11-15

Opningstider under Litteraturdagane:

Fredag 25. september: kl. 11-15

Laurdag 26. september: kl. 11-15

Prosjektet er støtta av Bergesenstiftelsen og Vinje kommune.