Stoga er bygd i 1824, året då dei busette seg på Plassen. Vinjestoga er ein typisk husmannsplass, inventaret er det originale.
Garden der Vinjestoga står er i privat eige. Det var bondeungdomslaget i Oslo og Ungdomslaget Samhold i Vinje som i si tid eigde og forvalta Vinjestoga. Den 19. juni 1904 tok Vinje kommune over bygningen. Overtakinga blei markert med folketog frå Vinje kyrkje til Vinjestoga, og her har ein teke mot gjester sidan 1912.
I 2017 byrja Vest-Telemark museum ein omfattande restaurering av Vinjestoga. Restaureringa var ferdig til feiringa av A.O. Vinjes 200-års jubileum 6. april 2018.
Nynorsk kultursentrum tok formelt over ansvaret for formidlinga av Vinjestoga 1. januar 2018.
Norsk kulturarv har tildelt Vinjestoga Olavsrosa, kvalitetsmerke for «bærekraftig bruk av den nasjonale kulturarven».
Opningstider, prisar og omvising
Vinjestoga er open kvar dag frå 15. juni–15. august.
Måndag–fredag kl. 12.00–15.00
Laurdag og sundag kl. 12.00–17.00.
Omvisingar ei gong i timen frå kl 12.00
Billettar kjøper du i museumsbutikken på Vinjesenteret.
Prisar:
Vaksen/honnør: 110,-
Medlem: 75,-
Born/studentar: Gratis
Omvising i Vinjestoga får du av vertane på Vinjesenteret i sommarsesongen.
I tillegg til den ordinære omvisinga kan ein tinge omvising med Aasmund Nordstoga (pris etter avtale) eller Anne T. Romtveit (kr 1000). Inngangsbillett kjem i tillegg. Omvising med Aasmund og Anne kan du også tinge utanom sesong