Vinnarar av diktkonkurransen «Aleine saman»

Det kom inn imponerande mange bidrag i konkurransen i høve verdas poesidag, og juryen har hatt både ein kjekk og vanskeleg jobb. – Innhaldet i dikta speglar det mange kjenner på og opplever no i desse koronatider, fortel dagleg leiar Geir S. Netland ved Olav H. Hauge-senteret. Det er bekymring, håp, kjensler av både einsemd og felleskap pakka inn i både alvor og humor.

Vinnardikt til ettertanke
Førsteplassen i kategorien vaksne går til Julie Helmersberg Brevik for diktet «Nattevåk». Diktet balanserer den spenninga mellom ro og uro som finst i natta – det uttrykkjer bekymring, samtidig som rytmen er roleg. Med linjer som «lommer av lys / lukar av liv» viser det glimt av von, og det blir det antyda at både krisesituasjonen og tenkinga rundt den kan snu. Juryen er samde i at diktet har ei god heilskapleg og poetisk form, samtidig som maktar å vise fram både det kvardagslege og uvanlege ved den isolasjonen vi no kjenner på.

Andreplassen går til Kjersti Tytingvåg Rogne for diktet «Perspektiv» som opnar med dei vakre linjene «Det usynlege / lamma det synlege». Det er formmessig kompakt, men bryt med repetisjonen i siste strofe, der det vender som mot framtida. Diktet speler på attkjennelege kontrastar og får fram mykje av det som pregar samfunnet vårt slik det er akkurat no.

På tredjeplass i kategorien for vaksne er eit humoristisk dikt som både viser kva tanke- og ordleik i poesi kan innebere, og at det kan finnast faste haldepunkt i verda også i kriser. Diktet er skrive av Tore Hjalmar Sævik, som skriv om kona, krona og korona.

I kategorien barn går førsteplassen til Kari Eline Sætre (15 år) for diktet «Einsemd», andreplassen til Eirik Leknessund (15 år) og tredjeplassen til Andreas Klausen (10 år) for «Eit heimeskule dikt». Juryen meiner vinnardiktet «Einsemd» set ord det kontrastfylte og rare med tida heile samfunnet no opplever frå ein skuleelev sitt perspektiv. Sjølv om det er eit dikt skrive frå eit barn sin synsvinkel skildrar det nok situasjonen for mange vaksne òg. Diktet på andreplass inneheld òg tankar og perspektiv mange kjenner seg att i. Det viser at bekymringa ikkje er avgrensa til dei vaksne si verd. Diktet på tredjeplass set ord på ein annleis kvardag, og om tankar om tida som kjem med humoristisk blikk. Rytmen og humoren i diktet skapar framdrift og gir uttrykk for framtidstru.

Juryen har bestått av forfattar Anna Kleiva, konservator Stein Arnold Hevrøy ved Olav H. Hauge-senteret og redaktør i Allkunne Stina Aasen Lødemel.

Korona og kulturen
– Diktkonkurranen er eitt av fleire tiltak vi gjer i desse koronatider for å bli meir saman aleine, og vi har sett i gang fleire digitale prosjekt for å bidra til ein nasjonal kulturdugnad for å nå ut til heimane til folk, avsluttar Stina Aasen Lødemel. Dikta har blitt delte i Nynorsk kultursentrum sine sosiale kanalar med emneknaggen #karantenedikt, og har vore til glede for andre.

Kategorien vaksne

Juryen si grunngiving:
Vinnardiktet «Nattevåk» balanserer den spenninga mellom ro og uro som finst i natta – det uttrykkjer bekymring, samtidig som rytmen er roleg. Med linjer som «lommer av lys / lukar av liv» viser det glimt av von, og det blir det antyda at både krisesituasjonen og tenkinga rundt den kan snu. Juryen er samde i at diktet har ei god heilskapleg og poetisk form, samtidig som maktar å vise fram både det kvardagslege og uvanlege ved den isolasjonen vi no kjenner på.

Andreplassen går til «Perspektiv» som opnar med dei vakre linjene «Det synlege / lamma det synlege». Det er formmessig kompakt, men bryt med repetisjonen i siste strofe, der det vender som mot framtida. Diktet speler på attkjennelege kontrastar og får fram mykje av det som pregar samfunnet vårt slik det er akkurat no.

På tredjeplass i kategorien for vaksne er eit humoristisk dikt som både viser kva tanke- og ordleik i poesi kan innebere, og at det kan finnast faste haldepunkt i verda også i kriser.

Førsteplass: Julie Helmersberg Brevik

Nattevåk
I eit botnfall av mørke står
eg ved vindauget
og hostar og ser:
lommer av lys
lukar med liv
eller krater av angst
gule hol i natta
smale auge, bak gardina
store tankar, stille slurkar
av lunkent vatn
hunden søv.

Andreplass: Kjersti Tytingvåg Rogne

Perspektiv
Det usynlege
lamma det synlege

Det minste
velta det største

Vi som greier alt
må sleppe alt

Vi som berre såg oss sjølve
ser grannen

Vi som var einsame saman
finn fellesskap gjennom stengde dører

Meining demrar fram
frå livstrøytt velstand

Det usynlege
lamma det synlege

Tilværet vaskar seg
og vender seg doggfriskt mot framtida

Tredjeplass: Tore Hjalmar Sævik

Kona, krona og korona
Den andre taper verdi.
den tredje skaper frykt,
den første er heldigvis mi,
det er verdifullt og trygt.

Kategorien barn

Juryen si grunngiving:
Juryen meiner vinnardiktet «Einsemd» setter ord det kontrastfylte og rare med tida heile samfunnet no opplever frå ein skuleelev sitt perspektiv. Sjølv om det er eit dikt skrive frå eit barn sin synsvinkel skildrar det nok situasjonen for mange vaksne òg.

Diktet på andreplass inneheld òg tankar og perspektiv nok mange kjenner seg att i. Det viser at bekymringa ikkje er avgrensa til dei vaksne si verd.

Diktet på tredjeplass set ord på ein annleis kvardag, og om tankar om tida som kjem etter. Rytmen og humoren i diktet skapar framdrift og gir uttrykk for framtidstru.

Førsteplass: Kari Eline Sætre (15 år)

Einsemd
Skulen er stengt
Var det ikkje det me ville
Var det ikkje det me snakka om og tulla med i fleire veker
Snakka me ikkje om kor herleg det skulle vere å sove litt lenger
At det skulle bli fint å gjere skulearbeidet heimafrå

Kvifor føles det ikkje sånn då?
Kvifor føler eg meg ikkje lykkelegare
Og sjølv om eg er heime med familien min heile tida,
kvifor føler eg meg så… Einsam

For det er det denne kjensla er
Einsemd

Andreplass: Eirik Leknessund (15 år)

Eg sit her i sofaen og stirrar tomt ut i lufta
og tenkjer mykje på den spreier tufsa
kvifor skulle nokon på afterski
når me har betre utforski
Karantenetida er god å ha, for meg til å nyte fjellufta

Koronaen er ikkje mykje god
og dei fleste har mista si tro
urolige me e
inntil koronaen gir oss fred
Korleis skal dette ende mon tro?

Tredjeplass: Andreas Klausen (10 år)

Eit heimeskule dikt
Her sit eg framfor ein data
kanskje eg syklar oppe i gata.
Eg har heimeskule og dikt
og dagane går berre i slikt.

Eg har det gøy
sjølv om det av og til blir litt støy.
Då sett mor på barneyoga
så det blir ro i stoga.

Eg gler meg til eg kjem tilbake på skulen
når vi alle kryp ut av korona-hulen.
Då skal eg bli meir positiv til dikt og slikt.
Kanskje eg til og med lærer meg å sy på sikt.

Del på Facebook
Del på Twitter