Hopp til hovudinnhald

Vipps og BankID tok imot prisen Årets nynorskbrukar 2025

Under den offisielle opninga av Festspela i Aasentunet fekk Vipps MobilePay AS og Stø AS, som driv BankID, tildelt prisen Årets nynorskbrukar. Prisen vert delt ut av styret i Nynorsk kultursentrum til personar eller institusjonar som har gjort ein ekstraordinær innsats for nynorsken.

  • Bilde av vinnarane av prisen Årest nynorskbrukar 2025 saman med direktør i Nynorsk kultursentrum Olav Øyehaug Opsvik og styremedlem Vidar Lund.
    1/1
    Vidar Lund (til venstre) delte ut prisen Årest nynorskbrukar 2025 til Ida Håvik frå Stø og BankID, Ida Nicoline Glosimot og Lars Tore Skau frå Vipps Mobilpay. Direktør i Nynorsk kultursentrum Olav Øyehaug opsvik var også til stades under prisutdelinga. Maria Fet / Nynorsk kultursentrum

– Årets prisvinnarar har gjort ein viktig del av den digitale infrastrukturen vi alle bruker kvar dag tilgjengeleg på nynorsk. Det er eit stort steg for språkleg likestilling i det digitale domenet, sa styremedlem Vidar Lund som delte ut prisen på vegne av Nynorsk kultursentrum. 

BankID og Vipps er blant dei mest brukte digitale tenestene i Noreg. Vipps blei tilgjengeleg på nynorsk 12. mai 2024 i samband med Nynorskdagen, medan BankID lanserte nynorskversjonen 23. november 2023. Til saman har desse to tenestene over ni millionar brukarar. 

Sidan lanseringa har over 47 000 Vipps-brukarar valt nynorsk som språk i appen. Desse tala vitnar om både ein etterspurnad og eit behov for nynorsk i digitale kvardagsverktøy, men også at fleire kan nytte høvet til å bytte frå bokmål til nynorsk. 

– Å vinne denne prisen er skikkeleg stas. Det er så mykje identitet i språk og vi lagar ein app som er for alle nordmenn. Då bør den også vere på nynorsk, sa Ida Nicoline Glosimot då ho saman med Lars Tore Skau mottok prisen på vegner av Vipps Mobilepay. 

– For alle oss som har nynorsk i årene så handlar dette eigentleg om å bli sett og om å bli anerkjent. Det at vi kan velje vårt skriftspråk i ei digital teneste som mange brukar kvar einaste dag er eit lite, men viktig bevis på at vi kan vere oss sjølve. BankID er nettopp vårt digitale eg, så då skulle det faktisk blått berre mangle, sa Ida Håvik frå Stø og BankID i takketala si.  

Museum24:Portal - 2025.07.11
Grunnstilsett-versjon: 2