Hopp til hovudinnhald

Vipps og Stø er Årets nynorskbrukar 2025

Selskapa får prisen frå Nynorsk kultursentrum for bruk av nynorsk i programvarer som er ein vesentleg del av den norske infrastrukturen.

  • Illustrasjonsbilete av BankID og Vipps
    Bedriftene Stø AS, som står bak BankID, og Vipps Mobilepay AS får prisen Årets nynorskbrukar 2025 for bruk av nynorsk i programvarene sine. Pressefoto: Stø AS, Vipps Mobilepay AS

Kvart år deler styret i Nynorsk kultursentrum ut prisen «Årets nynorskbrukar» til personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

For 2025 går prisen til bedriftene Stø AS, som står bak BankID, og Vipps Mobilepay AS, for bruk av nynorsk i programvarer som har blitt ein vesentleg del av den norske infrastrukturen.

– I 2025 er ikkje lenger digitalisering noko nytt. BankID er over 20 år gamalt. Men den digitale sfæren er framleis eit domene der nynorsk er underrepresentert. Difor er det svært viktig at tenester som Vipps og BankID er tilgjengelege på nynorsk, seier direktør for Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik.

Vipps og BankID har høvesvis 4,4 og 4,5 millionar brukarar. Vipps blei gjort tilgjengeleg på nynorsk 12. mai 2024 (nynorskdagen), medan BankID blei gjort tilgjengeleg på nynorsk 23. november 2023.

– BankID er for heile befolkninga og det var difor heilt naturleg å gjere tenesta tilgjengeleg på nynorsk. Vi er særs glade for å få denne prisen, seier administrerande direktør for Stø AS, Øyvind Westby Brekke.

– Denne prisen er vi veldig, veldig glade for å få! Å lansere Vipps på nynorsk var noko av det kjekkaste vi gjorde i fjor. Vipps har etter kvart blitt ein kompleks app som rommar over 5 000 tekstar, som betyr at vi må halde nynorsken ved like kvar gong vi gjer endringar. På den måten er kvar dag ein nynorskdag hos oss. Det er triveleg, seier Lars Tore Skau og Ida Nicoline Glosimot i Vipps.

Saman med prisen følgjer ei pengegåve på kr. 100 000. Selskapa har saman avgjort at desse pengane blir donerte til Noregs Mållag, øyremerkt arbeidet deira for meir digital nynorsk. Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, er godt nøgd med avgjerda til styret i Nynorsk kultursentrum.

– Vipps og Stø er svært verdige vinnarar av Årets nynorskbrukar 2025. At ein no kan bruke Vipps og BankID på nynorsk, betyr meir nynorsk til veldig, veldig mange menneske. Det treng vi i våre bokmålsdominerte digitale kvardagar. At dei vel å gje prispengane til oss er veldig stas. Dei vil kome godt med når vi skal jobbe vidare med digitalisering og språkteknologi på nynorsk! Gratulerer til Vipps og Stø og takk for at de tek ansvar for nynorsken, seier Lofnes Hauge.

– Det er kjekt å kome med denne gladsaka på sjølvaste nynorskdagen! seier direktør Olav Øyehaug Opsvik i Nynorsk kultursentrum. – Og det er veldig høveleg at prispengane blir donerte til Noregs Mållag og deira arbeid for meir digital nynorsk. I dag har vi sett at også Ruter-appen har kome på nynorsk, og eg vonar vi får sjå fleire slike gode resultat av arbeidet til mållaget i tida som kjem, seier Øyehaug Opsvik.

Museum24:Portal - 2025.05.07
Grunnstilsett-versjon: 2