nynorsk.no

Velkomen til nynorsk.no!

Vi prøver å fortelje om alt som hender i målrørsla og om målsaka. Det er ei vanskeleg oppgåve, og vi må lite på innspel frå dykk der ute. Send oss tips!

Nyhende frå nynorskverda

–Nynorsk er ikkje eit økonomisk tapsprosjekt

Det er viktig at reklamebyråa ikkje tilrår for å la vera å nytta nynorsk i marknadsføringa, seier Språkrådsdirektør Sylfest Lomheim. Les heile saka på lnk.no.

Lagt ut 9.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorsk barnebok på salstoppen

Brageprisvinnar i 2009, Maria Parr, toppar lista over dei mest selde barne- og ungdomsbøkene i 2010 med Tonje Glimmerdal. Les meir hjå Bokhandlerforeningen.

Lagt ut 8.2.10 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Nordhordaland tingrett får refs for målbruk

Språkrådet slår fast at Nordhordaland tingrett skal nytta nynorsk. No har dei frist til 10. februar for å gje attendemelding til Språkrådet og gjera greie for korleis dei skal fylgja mållova i framtida. Les meir i Vestnytt.

Lagt ut 8.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Bokmålsforeldre slåst mot kommunen

I Meland kommune er den vanlege situasjonen snudd. Her er det foreldra som ynskjer bokmål som må slåst for at ungane skal få gå i bokmålsklasse ved skulen. Les heile saka i Bergens Tidende.

Lagt ut 8.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Gratulerer med samefolkets dag

I dag, 6. februar, er det samefolkets dag. Vi på nynorsk.no ynskjer til lukke! Les meir om dagen hjå Sametinget.

Lagt ut 6.2.10 av Vebjørn Sture
Gå til saka | Tips ein ven

Målstrid på Facebook

15. mars vert det folkerøysting om skulemålet i Gjemnes. No tek båe sider i bruk nye verkemiddel og har oppretta facebook-grupper for saka si. Les meir i Tidens Krav.

Lagt ut 5.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Når politiet bryt (mål)lova

Politiet i Sogn og Fjordane bryt mållova. Det burde vera ein sjølvfølge at vevsidene og brev var skrivne på nynorsk, men i dag går det meste av kommunikasjonen på bokmål. No ber Språkrådet politiet om å fylgja lova. Les meir på NRK Sogn og Fjordane.

Lagt ut 4.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Ber UiO om å nytta meir nynorsk

I eit ope brev til rektor ved UiO krev Studentmållaget i Oslo, Vikværingen og sentralstyret i Norsk Målungdom at Universitetet skjerper seg og legg meir til rette for nynorskstudentane. Les heile brevet på universitas.no.

Lagt ut 4.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Marknadsføringspris til Lerum

Lerum har dei siste åra vald å profilera seg på nynorsk. I år fekk dei høgaste utmerkinga reklamen for «Lerums utvalde». Les meir på lnk.no.

Lagt ut 1.2.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Folkerøysting i Gjemnes kommune

Foreldra ved Batnfjord skule som ynskjer bokmål for ungane sine har samla inn nok underskrifter. 15. mars vert det folkerøysting i Gjemnes kommune. Les heile saka i Tidens krav.

Lagt ut 29.1.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Stort språkmangfald i Noreg

«Språkfakta 2010» vart lansert 27. januar, og er den mest omfattande dokumentasjonen av språk i Noreg som har vorte laga. Du finn heile boka tilgjengeleg som elektronisk bok hjå aasentunet.no.

Lagt ut 28.1.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Samlaget må slankast

Det Norske Samlaget må seia opp tilsette av di dei sel mindre lærebøker enn før. Det same gjeld dei andre lærebokforlaga. Les meir på abc.no.

Lagt ut 27.1.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Fritak frå opplæring i nynorsk

Det nye utkastet til rammeplan for Kunnskapsløftet opnar frå fritak for sidemål for lærarar. Kva konsekvensar det vil ha for den formelle kompetansen til lærarane er endå ikkje klart. Les meir på norsklektorlag.no.

Lagt ut 27.1.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Lærebøkene inneheld for lite nynorsk

«Om ein får nynorsken attende på minst 33%, så slepp elevane å bruke timane på å leite sidene opp og ned for å finne språket deira», skriv Lars Ola Eide, landsstyremedlem i Norsk Målungdom i Sunnmøresposten i dag.

Lagt ut 21.1.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Debatten rasar vidare

Spalta «Si ;D» i Aftenposten har den siste veka vore åstaden for ein debatt om nynorsken bør få leva. No rasar debatten vidare, denne gongen i Østlandsposten. Les heile lesarbrevet her.

Lagt ut 20.1.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Ny skulemålsrøysting på Askøy

No kan det verta slutt på nynorsk på Askøy. Undervisningssjef i kommunen ynskjer ei ny skulemålsrøysting om målformen ved Træet skole og Fauskanger Barne- og ungdomsskole. Les meir på Askøyværingen.no.

Lagt ut 19.1.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

For lite og for dårleg nynorsk

Nasjonal digital læringsarena(NDLA) har for lite og for dårleg nynorsk, meiner Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Han stør William Nygaard i kritikken av dei nye digitale læremidla. Les meir på klassekampen.no.

Lagt ut 18.1.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Kunnskapslaust kunnskapslyft

«Det er ironisk at Kunnskapslyftet medverkar til å svekkja skrivekunna åt elevane», skriv Kristin Fridtun, leiar Studentmållaget i Nidaros i Østlendingen. Les heile lesarinnlegget på ostlendingen.no.

Lagt ut 14.1.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Språkbarrieren

Nynorsken er for lite til stades ved Universitetet i Oslo, meiner Marianne Granheim Trøyflat, journalist i Universitas. Universitetet bør leggja vinn på å vera ope og tolerant for alle studentar, slik at ingen veljer vekk universitetet på grunnlag av språket sitt. Les heile saka på universitas.no.

Lagt ut 13.1.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskelevane kjenner ikkje språket sitt

Ei undersøking Høgskulen i Volda har gjennomført i den vidaregåande skulen viser at mange elevar slit med den store valfridomen. Les meir på NRK Møre og Romsdal.

Lagt ut 12.1.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Ny giv i Telemark Tidend

Kirsten Berge er tilsett som ny redaktør for Telemark Tidend, og ynskjer å modernisera avisa med godt kulturstoff på nynorsk. Les meir på Varden på nett.

Lagt ut 11.1.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

For lite nynorsk i skulebøkene

Ei ny undersøking viser at både fellesutgåvene av norskbøker for nynorsk- og bokmålselevar og norskbøkene for bokmålselevane ikkje klarer kravet om nynorsk. Le meir på aftenbladet.no eller på tv2.no.

Lagt ut 11.1.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Årets nynorskbok 2009

Dag og Tid inviterer lesarane til å vera med å kåra årets nynorskbok i 2009. Les meir på dagogtid.no.

Lagt ut 8.1.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Ny nemnd skal forenkla nynorsken

Målet er å etablera ei tydeleg norm som gjer det enklare å vera nynorskbrukar og å læra nynorsk som sidemål, og som samstundes er stabil over tid, heiter det mellom anna i vedtaket frå Språkrådet. Les meir på NRK Møre og Romsdal, Levangeravisa, lnk.no, Bergensavisen eller i Firdaposten.

Lagt ut 6.1.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Google betalar for omsetjingsprogram

Google betalar no språkforskar Trond Trosterud og studenten Kevin Unhammer for å utvikla eit program som skal forstå norsk. Programmet heiter Apertium, og kan omsetja tekstar frå nynorsk til bokmål og andre vegen. Les meir på NRK Troms og Finnmark.

Lagt ut 4.1.10 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Manglar bøker i ei rekkje fag

Elevane ved Osterøy ungdomsskule manglar heilt bøker i somme fag, i tillegg til at det ikkje er nok bøker til elevane med nynorsk som hovudmål. Les heile saka på bygdanytt.no.

Lagt ut 22.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Får ikkje læra nynorsk

Vaksenopplæringa på Voss lærar dei nyankomne innvandrarane bokmål. Det finst ikkje godt nok læringsmateriell på nynorsk, fortel Odrun Vellene Vevatne, rektor ved Vaksenopplæringa. Les heile saka på lnk.no og les svaret frå barne- og likestillingsminister Audun Lysbakken her.

Lagt ut 21.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Vil fornorska internetspråket

Språkrådet vil fornorska internettspråket og vil mellom anna at folk skal seia e-post i staden for mail. Les heile saka på aftenposten.no.

Lagt ut 21.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Statsborgarbrev på nynorsk

UDI har til no berre laga statsborgarbrev på bokmål, men etter at Stephen, Agnes og Edmund Walton og Språkrådet tok opp saka, finst breva no på begge målformer. Les heile saka på nm.no.

Lagt ut 21.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Svar til Sortedal

Frp-representant i Bergen stilte 14. desember spørsmål til helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen om målforma ved Helse Bergen Du kan lesa svaret her.

Lagt ut 21.12.09 av Eva Holthe Enoksen
Gå til saka | Tips ein ven

Nynorskhendingar denne veka

16. februar

  • 1912 Konow-regjeringa måtte gå av etter at statsministeren hadde snakka pent om nynorsk på BUL-møte.

19. februar

  • 1878 Kristofer Uppdal vart fødd

22. februar

  • 1862 Hulda Garborg vart fødd

Tips oss om historiske hendingar til kalenderen

Aktuelle nynorsksaker

Sidemål

Sidemålsordskiftet har blussa opp att. Les meir om argumenta Norsk Mål­ung­dom og Noregs Mållag har for sidemåls­undervisninga.

Få datamaskina di på nynorsk!

Lenge har det vore problem å få datamaskiner på nynorsk. No er løysingane her! Last ned programvare som gjer at maskina snakkar til deg på det beste målet!

Tenester frå nynorsk.no

Reklame på nynorsk.no?

Få to ting, betal for ein! Når du har reklame på nynorsk.no er du med på å støtta oss i tillegg til at du får blesta tenestene dine for eit kultur- og nynorskinteressert publikum.

Nynorsk e-post?

Lei av adressa di i dag? Vi sel e-postadresser som sluttar på nynorsk.no. Få ei e-postadresse som seier noko!

Heimeside på nynorsk.no?

Mållag, målungdomslag og nynorske verksemder kan få seg heimesideplass på nynorsk.no for ein billeg penge.

Opphavsrett © 1997 - 2010 nynorsk.no og kjeldene som er siterte i klypptenesta.

Nettbunad av Erik Bolstad og Nikolas van Etten.

Sidene er tilpassa ulike funksjons­hemmingar, m.a. blinde og svaksynte. Dei er som oftast i gyldig XHTML-format.

Vi nyttar Blogger til å lage sidene. Takk til dei!

Innlogging for redaksjonen
Reklame: Nynorsksenteret Reklame: Dag og Tid Reklame: Mastergrad i nynorsk skriftkultur Reklame: Dag og Tid