Barn og unge

Kulturprogram året rundt

Aasentunet har fleire arrangement som er retta mot barn og unge. Innhaldet i kulturprogrammet vekslar mellom blant anna teaterstykke, konsertar, bokformidlingar og forfattarbesøk.

Vår
I vårprogrammet er det alltid eit eller to arrangement for barn og barnefamiliar.

Sommar
Under Festspela er det fleire arrangement for barn og unge retta mot ulike aldersgrupper. Kunstuttrykk, tema, formidlingsform og arena brukar å variere.

Haust
I haustprogrammet har vi eit eller to barne- og familiearrangement i tunet, og før jul har vi familiedag med arrangement i Salen, barnekunstutstilling og juleverkstad.

Alle arrangement i tunet gir gratisbillett inn i basisutstillinga.

Under barnearrangement har vi barnevennleg meny i kafeen.

I utstillinga kan du mellom anna utforske eit stereoskop med Aasens eigne bilete. Foto: Kib og Morits

Eit museumsbesøk for fleire sansar

Vil du kike på stereoskopbileta Ivar Aasen sjølv såg, eller høyre europeisk litteratur på originalspråket?

I utstillinga i Aasentunet finn du ei rekkje installasjonar som fortel deg meir om både Ivar Aasen og språk i heile verda. Der er mykje å ta på, fleire verkstader og innfallsvinklar til temaet språk og litteratur for både store og små.

Både born og vaksne kan lage nye dikt i eit heilt eigenutvikla dikthjul. Ein kan også lage setningar og dikt med magnetpoesi i storformat.

På hemsen til Lurivar kan ein lese nynorske barnebøker eller høyre utdrag frå lydbøker. Ein kan også leite etter ord Lurivar har lagt att inne i bøkene.

Dei som kjem på besøk kan også gjere oppgåver som ligg framme i språkverstaden.

For fleire sansar
Publikum kan snurre på kanalveljaren på ein gamaldags FM-radio og finne litterære røyster frå store delar av Europa. Utstillinga inneheld også høgdepunkt i populærmusikk på nynorsk, stereoskop med Aasens eigne bilete, ei ny tidslinje om «All verdas språk», og meir til. Om du ønskjer å høyre mangfaldet i dei norske dialektane, kan du berre ringje på dørklokka hos nokre av dei som bur i Språkhuset. Ein del av installasjonane er nybrotsarbeid, og tekstane i dei nye elementa ligg føre på engelsk, noko det ikkje har gjort før.

Barnehagetilbod

Vi tilbyr omvising for barnehagar som ønskjer å besøkje oss, men det er mykje å gjere, også for dei som berre vil innom utan å ha omvising.

Borna kan gå lenge og sjå på alle dei gamle tinga til Ivar Aasen som er utstilte i basisutstillinga. Inne i språkverkstaden ligg det til rette for mange aktivitetar som magnetpoesi, teikne- og skriveaktivitetar, bokstavklossar og puslespel.

Oppe på hemsen til Lurivar kan borna lese bøker og høyre utdrag frå lydbøker. I trappa under hemsen ligg «Verdas minste kinosal», der Lurivar har lagt att ei helsing til barna.

Barna er velkomne til å ete matpakken sin i kafeen, eller sitje ute i sola på fine dagar. Det er også eit veldig fint turområde rundt Aasentunet, der ein kan gå opp til Høgetua. På Høgetua er det utebibliotek med gode, nynorske barnebøker frå mai til oktober.

Vi har fleire ulike omvisingstilbod for barnehagar. Tilpassa opplegg for barnehagar med aktivitetar og høgtlesing, kostar kr 20 per barn.

Lesestund på hemsen til Lurivar. Foto: Kib og Morits

Kven var Ivar Aasen?
Barna får vere med bort i Gamletunet og sjå kvar Ivar Aasen vaks opp. Dei får høyre forteljingar frå då han vaks opp, og dei får høyre om noko av det han likte å gjere då han var ein liten gut. Vi viser bokstavtrykking, og vi trykkjer bokstavar saman med barna.

Inne i utstillinga fortel vi litt om det språket dei skreiv på denne tida, og kvifor Ivar Aasen tok til å lage eit nytt norsk språk. Dei får også sjå på gjenstandane og boksamlingane til Ivar Aasen og høyre litt om livet etter at han vart vaksen.

Vi avsluttar omvisinga oppe på hemsen til Lurivar med høgtlesing. Etterpå kan barna fritt gå rundt i utstillinga eller gjere tilrettelagde aktivitetar inne i språkverkstaden.

Litteraturformidling og høgtlesing
Vi kan formidle ei bok til dei barnehagane som kjem på besøk. Då samlar vi oss i salen eller på hemsen, og formidlaren les ei nyare nynorsk barnebok for barna. Vi tilpassar opplegget alt etter kor stor gruppa er.

Etterpå går vi inn i Språkverkstaden og gjer oppgåver knytt til boka. Barna får ein lesediplom som viser at dei har lese boka. Etterpå kan barnehagane fritt gå rundt i utstillinga, eller gjere aktivitetar inne i Språkverkstaden.

Lur arkitektur
Aasentunet er ein fantastisk bygning, og er teikna av den kjende arkitekten Sverre Fehn. Arkitekten har tenkt mange lure tankar som viser seg att i bygget. Saman går vi gjennom bygningen og prøver å finne ut korleis arkitekten har tenkt og kva han prøver å formidle. Etter omvisinga får barna byggje kreative byggverk av ulike materiale.

Ta kontakt på telefon 70 04 75 70 ved spørsmål.

Omvisingstilbod for skular

Vi tilbyr omvisingar som er godt eigna for skuleelevar. Ta kontakt på telefon 70 04 75 70 eller post@aasentunet.no, så skreddarsyr vi eit opplegg for dykkar gruppe.

Omvisinga tek utgangspunkt i livet og arbeidet til Ivar Aasen. Elevane får sjå filmen om Ivar Aasen. Deretter gir vi ei omvising ute i Gamletunet og inne i basisutstillinga.

Elevane får eit innblikk i dei gode historiene om Ivar Aasen, dei får sjå tinga hans og blir meir kjende med kven han var og kva han gjorde. Etter omvisinga kan dei vere med på oppdagingsferd i utstillinga, eller elevane kan gå rundt fritt sjølve.

Omvisingstilbodet varer i om lag 90 minutt, men vi kan tilpasse lengda på opphaldet slik de ønskjer det. Tilbodet gjeld alle klassetrinn.

Matpause
Ta gjerne med nistepakke som de kan ete i kafeen eller ute om det er fint ver. Om de vil bestille mat i kafeen, må de gjere dette på førehand.