Kvart år finn du utstillingar og arrangement frå oss ved bibliotek, kulturhus, museum og skular i heile landet. Vi driv Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje. Alle desse stadene byr vi på spennande språk- og litteraturopplevingar på utstillingar, festival og arrangement. Stiftinga driv også barnenettstaden tunkatten.no og podkastkanalen Nynorsk no.
I samarbeid med andre samlar, dokumenterer og forskar vi på nynorsk skriftkultur. Vi har eigne kulturhistoriske samlingar og arkiv, og driv eit fag- og forskingsbibliotek. Vi prøver å finne ut kva rolle det nynorske har for kvar enkelt nynorskbrukar, i norsk kulturarv og i det internasjonale språklege mangfaldet.
Nynorsk kultursentrum gir råd til styresmaktene og ulike kultur- og vitskapsinstitusjonar om korleis dei kan arbeide for nynorsk skriftkultur.