Adventskalender på tunkatten.no

I år er Lurivar klar med ein glitrefin adventskalender for barn. På tunkatten.no kan ein opne nye luker kvar dag fram mot jul, og bak kvar luke skjuler det seg eit ord og eit fantasifullt bilete. Følg med på kalenderen her!

Illustrasjonane er laga av Øystein Runde, Anna R. Folkestad, Jens K. Styve og Marianne Gretteberg Engedal.

Bilete av Anna Folkestad
Anna Folkestad, foto: privat

Anna R. Folkestad skriv og teiknar bøker. Ho likar ekstra godt å lage bøker til dei som skal lære seg å lese. Og så elskar ho å teikne dyr og kome på ting som dei er skikkeleg flinke til. Når ho ikkje teiknar eller skriv, tenkjer ho på kva ho skal teikne og skrive. Ho plukkar ofte ut all banansjokoladen i twistposen.

Bilete av Øystein Runde
Øystein Runde, foto: privat

Øystein Runde har teikna og skrive teikneserieromanen Soga om Olav Sleggja (2009) og skrive manus til teikneseromanane om Futen, superbyråkraten som krevjer inn skatt frå troll og draugar, og De Fire Store, actionserien om kva Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie gjorde då Kristiania vart angripen av zombier. Runde står også bak verdas første og einaste nynorske superhelt, den råsterke men sosialt hjelpelause Bjartmann, som bur i Ulsteinvik og rotar til kvardagen for alle rundt seg (vagt basert på forfattaren sin eigen pubertet). Saman med Kristopher Schau og Frode Hanssen har han hatt podcasten 80%, og formidlar vitskap i boka Stamceller og i sin eigen podcast Wunderdog. Han likar sunn mat, og usunn mat. Meir om han på www.oysteinrunde.no

Bilete av Jens K. Styve
Jens K. Styve, foto: Nicolas Tourrenc

Jens K. Styve er mest kjend som forfattaren av teikneserien Dunce som går i desse avisene og heftene: Klassekampen, Dagbladet, Bergens Tidende, Adresseavisen, Stavanger Aftenblad, Fedrelandsvennen, Haugesunds Avis, Nordlys, iTromsø, Avisa Nordland, Strilen, Harstad Tidende, Folkebladet i Troms, Altaposten, Framtid i Nord, Lunch, Radio Gaga og Framtida Junior.

Bilete av Marianne Gretteberg Engedal
Marianne Gretteberg Engedal, foto: privat

Marianne Gretteberg Engedal / Skinkeape er frilans illustratør og utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen. Engedal debuterte i 2019 med barneboka Pølsetjuven, og for denne boka vart ho tildelt Nynorsk barnelitteraturpris 2019.