Aktuelt

Aksjon for nynorske læremiddel. Øystese

Støttar aksjon for nynorske læremiddel

50 år etter at over 30 000 elevar streika for at lærebøker skal kome ut på både nynorsk og bokmål til same tid og til same pris, er det framleis behov for aksjonar som krev nynorske læremiddel. 27. og 28. oktober aksjonerte over 500 elevar for nynorske læremiddel i Øystese og Volda.

Les meir

Treng meir for å følgje opp språklov

I framlegget til Statsbudsjett 2022 gir regjeringa tilskot til ein nynorsk forfattarskule for etniske minoritetar, og til framleis arbeid med automatisert omsetjing frå bokmål til nynorsk.
– Likevel blir satsinga på det språklege mangfaldet for svak, og den nye regjeringa har sjansen til å få til løftet som trengst for at den nye språklova skal lykkast, seier fungerande direktør i Nynorsk kultursentrum, Gaute Øvereng.

Les meir
Nynorsk kultursentrum har hatt besøk av den latviske organisasjonen House of Languages/Valodu Muzejs og lagt grunnlaget for eit toårig samarbeidsprosjekt om språk, med fokus på nynorsk og latgalisk.

Norsk-latvisk samarbeid

Gjennom eit arbeidsseminar i Ørsta har Nynorsk kultursentrum og den latviske organisasjonen House of Languages/Valodu Muzejs lagt grunnlaget for eit toårig samarbeidsprosjekt om språk, med fokus på nynorsk og latgalisk.

Les meir
Mette Moestrup.

Opningstale av Mette Moestrup

Opningstale av Mette Moestrup Mette Moestrup heldt opningstalen under Poesifestivalen 2021. Danske Mette Moestrup debuterte med Tatoveringer i 1998. I 2019 kom den sjette diktsamlinga, Til

Les meir
Øystein Orten og Svein Sæther.

Øystein Orten og Svein Sæter i samtale om krigen

Prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal er godt i gang med haustturneane i fylket. 28.–30. september møter forfattarane Øystein Orten og Svein Sæter publikum på biblioteka i Valldal, Fosnavåg, Volda og Sula. «Skal vi aldri bli ferdige med krigen?» blir ei interessant stund med refleksjonar og diskusjonar.

Les meir