Aktuelt

Opprop for skulebiblioteka

— Styrk skulebiblioteka med å føre vidare innkjøpsordninga. Denne ordninga må også gjeve fleire barne- og ungdomsbøker på nynorsk og samiske språk, meiner Nynorsk kultursentrum og 14 andre språk-, bok- og litteraturorganisasjonar i eit opprop i Klassekampen laurdag 10. september.

Les meir
Bilete av Priya Bains under utdelinga av Olav h. Hauge-stipendet

Olav H. Hauge-stipendet 2022 til Priya Bains

Lyrikkdebutanten Priya Bains blei tildelt Olav H. Hauge-stipendet under opninga av Poesifestivalen i Ulvik fredag 9. september for diktsamlinga Med restene av mine hender. – Språket til Bains er musikalsk og sanseleg, sa juryleiar Brit Bildøen under utdelinga. 

Les meir
Bilete av Narve Fulsås

Nynorsk kultursentrum med på stjernelag i forsking

Nynorsk kultursentrum er med i eitt av 82 prosjekt som får støtte frå ordninga for banebrytande forsking i Noregs forskingsråd. Forskarar frå fleire institusjonar skal sjå på ulike forfattarskap, blant anna korleis Tarjei Vesaas og Olav Duun nådde ut i Tyskland, Storbritannia og USA mellom 1900 og 1950.

Les meir
Foto: Skjalg Ekeland

Lesering med Stein Versto

Er du glad i å lese? Kunne du tenke deg å lese bøker og diskutere dei saman med andre? Då kan leseringen vår vera noko for deg.

Her skal me lese bøker og samtale om dei i trivelege omgjevnadar på Vinjesenteret. Leseringen møtast seks måndagar på rad frå klokka 18:30 og blir leia av forfattar Stein Versto.

Les meir
Bilete av Einar Økland

Amboltprisen til Einar Økland

Amboltprisen vert delt ut under Poesifestivalen og går til ein person som har arbeidd for Olav H. Hauge si dikting og gjort henne kjent. Styret i Venelaget Olav H. Hauge har vedteke at prisen for 2022 skal gå til Einar Økland.

Les meir
Bilete av Svanhild Amdal Telnes og Tuva Syvertsen

«Lytt til lyrikken» er i gang igjen

Først ut i samtale-serien er Tuva Syvertsen, som har invitert med seg lyrikar Svanhild Amdal Telnes. Dei vitja Seljord bibliotek 6. september og vitjar Stord bibliotek 7. september og Kvinnherad bibliotek 8. september.

Les meir
Bilete av Marianne Gretteberg Egedal

Litteraturdagane for dei minste

Søndag 28. august kl 12.30 ynskjer Vinjesenteret og Nynorsk kultursentrum barnefamiliar velkomne til lesestund med illustratør og forfattar Marianne Gretteberg Engedal, der ho les og fortel frå biletboka Pølsetjuven.

Les meir