Aleine saman — Korona og kulturen

Sunnmøre Baarelag – Sånne som oss

Sunnmøre Baarelag har spela sama i førti år. Og vi vert kalla pionerar i bruken av det Sunnmørske målet, gjennom plateproduksjonar og tallause spelejobbar. Og sånne som oss har heller ikkje før opplevd å vere åleine saman. Avlyste engasjement og ikkje mindre enn ein meters avstand hindra oss likevel ikkje i å vere tre saman i studio på ein gong, for å gje vårt bidrag til dugnad. Så kom den fjerde, og ein måtte gå! «Sånne som oss» er eit spontant uttrykk for at ikkje alt er mørkt, og at vi også skal klare denne utfordringa! Tid, avstand og virus gjorde at vi ikkje fekk med oss Totto Nilsen på munnspel denne gongen. Men vi gir oss ikkje og han skal også få dele utfordringa – saman med sånne som oss.    


Sunnmøre Baarelag/Sånne som oss: 
Kyrre Grimstad – song og gitar
Arne Moe – bass og kor
Kjell Rune Klubbenes – gitarar 
Frode Sundnes – trommer/tamburin

Innspeling i heimestudioet i Ørsta, mars 2020. Produsert av Moe/Grimstad.

© Sunnmøre Baarelag

Sjå meir på baarelaget.no

Sunnmøre Baarelag er eit blues- og rockeband frå Ørsta. Bandet har vore aktivt sidan 1980 og har gitt ut fleire album med country-inspirert rock på sunnmørsdialekt.

Les meir på:

Share on facebook
Share on twitter
Share on email